Valdemar av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valdemar

Fødd27. oktober 1858
Bernstorff slott
Død14. januar 1939
København
Alle titlarprins
Hus eller slektGlücksburg
GravstadRoskilde domkyrkje
LandDanmark
MorPrincess Louise of Hesse-Kassel
FarChristian IX of Denmark
EktefelleMarie d'Orléans
Barn* Aage av Danmark (1887–1940)

Valdemar (27. oktober 185814. januar 1939) var ein dansk prins som var son av kong Kristian IX av Danmark og dronning Louise.[1] Han var det yngste barnet deira, og den tredje sonen. Dei eldre syskena hans var kong Frederik VIII av Danmark, dronning Alexandra av Storbritannia, kong Georg I av Hellas, keisarinne Maria Fjodorovna av Russland og kronprinsesse Thyra av Hanover.

Kristian IX og familien hans fotografert i 1862, då Valdemar var 3-4 år gammal.

I 1887 avslo prins Valdemar tilbodet om å bli konge av Bulgaria. Han ville ikkje risikera å koma i ei vanskeleg situasjon i høve til broren, kong Georg I av Hellas. I 1905 blei prins Valdemar nemnd som mogleg kongsemne i Noreg, men det blei i staden nevøen hans, prins Carl, som blei konge av Noreg som Haakon VII.

Prins Valdemar (til venstre) fotografert saman med kong Chulalongkorn av Siam under eit offisielt besøk i Siam i 1900.

6. oktober 1906 blei prins Valdemar gjeven storkrossen av St. Olavs Orden.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Prins Valdemar gifta seg med prinsesse Marie av Orleans i 1885. Dei fekk fem barn:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Knud J.V. Jespersen. «Valdemar». Den Store Danske. Gyldendal. Henta 15. desember 2017.