Kristian IX av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristian IX av Danmark
Kristian IX av Danmark
Kongehus Glücksburg
Dansk konge: 15. november 1863-1906
Valspråk: Med Gud for ære og ret
Etterfylgde Fredrik VII av Danmark
Etterfylgjar Fredrik VIII av Danmark
Fødd 8. april 1818
Fødestad Gottorp slott
Død 29. januar 1906
Dødsstad Amalienborg slott
Gravlagd Roskilde Domkyrkje
Gift med 1842 Louise av Hessen-Kassel

Kristian IX (på dansk Christian IX) (8. april 181829. januar 1906) vart fødd på Gottorp slott i Schleswig-Holstein som hertug Frederik Wilhelm av Glücksburg.[1]

I 1853 vart han peika ut som dansk tronfylgjar, då kong Fredrik VII av Danmark ikkje hadde nokon direkte tronarving. I røynda var det kona, Louise av Hessen-Kassel, som hadde arverett til trona. Ho var niese av kong Kristian VIII Fredrik av Danmark.

Kristian IX og kona Louise er gravlagde i Roskilde domkyrkje.

Den 15 november 1863 vart han konge då Fredrik VII av Danmark døydde. Samstundes vart det ei ny danske kongeslekt, Glücksborgarane på den danske trona.[2]

Han var konge av Danmark frå 1863 til 1906. Kongeparet fekk borna: Fredrik VIII, Vilhelm (Georg I av Hellas), Valdemar, Alexandra, Dagmar og Thyra. Kristian IX er kjend som «Europas svigerfar». Heile fire av borna kom til å sitja på europeiske tronar. Alexandra vart dronning av Storbritannia, gift med kong Edvard VII av Storbritannia. Dagmar vart keisarinne av Russland, gift med tsar Alexander III av Russland (under namnet Maria Feodorovna).[1] I 1887 avslo prins Valdemar å eit tilbod om å verta konge av Bulgaria.

Kristian IX døydde, 87 år gamal, den 29. januar 1906 på Amalienborg og vart gravlagd i Roskilde domkyrkje i kapellet til Glucksborgarane.

Dronning Margrethe II av Danmark er ein direkte etterkommar av Kristian IX og i 1905 vart barnebarnet Carl konge av Noreg som Haakon VII.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Christian 9. frå Dansk biografisk leksikon / Den store danske
  2. 2,0 2,1 Kongehusets historie frå Kongehuset.dk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kristian IX av Danmark
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.