Valderøya
| Valderøya | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Sunnmøre |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 6,5 km² |
| Høgaste punkt | Signalen (231 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Største busetnad | Valderhaug |
| Demografi | |
| Folketal | 3345 (2008) |
| Folketettleik | 489 /km² |
Valderøya er ei øy i Giske kommune på Sunnmøre.
Med 3 345 innbyggjarar (2008) er øya den mest folkerike i kommunen. Her ligg kommunesenteret Valderhaug, sør på øya. Andre viktige tettstader er Nordstrand i aust og Skjong i sørvest. Fiske og fiskeforedling, tenestyting og mekanisk industri er dei viktigaste næringsvegane. Rådhuset i Giske kommune ligg på Valderøya.
Geografi [endre]
Valderøy har ein flatevidd på 6,5 km² og er berglendt. Øya har brusamband til Vigra over Gjøsund og til øya Giske over Staursundet. Valderøytunnelen utgjer eit undersjøisk tunnelsamband til Ellingsøy som går vidare til Ålesund.
Historie [endre]
Dei viktigaste historiske stadene på øya er Skjonghellaren, ei hole i fjellet med spor etter busetjing frå yngre jernalder, og Valderhaugen, der ein har funne dei eldste båtrestane i Norden.
Valderøy kyrkje er ei betongkyrkje frå 1961.