Valkyrjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valkyrie av Peter Nicolai Arbo.

Valkyrjer er i norrøn gudetru kvinnelege dødsvetter som hentar falne krigarar til Åsgard. Etter kvar kamp vitjar dei slagmarka og tek med seg dei tapraste falne til Odin og Frøya, som husar dei i Valhall og Folkvang. Desse krigarane er kalla einherjar.

Valkyriene er kledde i rustning og ber våpen. Dei kan ri gjennom luft og vatn, over heile verda, og reiser alltid i flokk. I Åsgard serverer dei mjød og kjøt frå grisen Særimne, og underheld både æsene og einherjane.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.