Valter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diktaren Walther von der Vogelweide var ein tidleg namneberar.

Valter, Walter og Walther er mannsnamn og slektsnamn av gammalhøgtysk opphav. Valter har namnedag den 12. oktober.

Avleiing[endre | endre wikiteksten]

Det gammalhøgtyske namnet Walthari, som svarer til norrønt Valdarr, er sett saman waltan, 'høvding', og heri, 'krigar, her'.

Andre former av namnet er finsk Valtteri, italiensk og spansk Gualterio, fransk Gautier og nederlandsk Wouter. Kortformer av namnet er Wally, Walt, Wat og Wate.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet er kjend frå Walter av Aquitaine, ein vestgotisk sogekonge omtala i fleire dikt og krøniker frå mellomalderen.

Walter og Walther er utbreidd som førenamn og etternamn i Tyskland.

Det er kjend i Noreg frå 1300-talet. Walter hadde ein brukstopp rundt 1920, då over 0,15 % av nyfødde gutar fekk namnet.

I 2009 var det til saman 991 norske menn som hadde eitt av namna som førenamn. 624 heitte Walter, 184 heitte Valter og 183 heitte Walther.


Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]