Vanessa Borgli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vanessa Borgli
Fødd4. oktober 1972 (51 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar
FarPetter Borgli

Vanessa Borgli (fødd 4. oktober 1972) er ein norsk skodespelar som er mest kjend for rolla som den manipulerande og forførariske Sue-Astrid Wallace i såpeserien Hotel CæsarTV 2. Ho kom inn i serien i 2003 i rolla som ukjend arving til hotellkonsernet, og som raskt tok kontroll, mellom anna ved å forføra den blinde Jens August (Kim Kolstad).

Før ho vart med i Hotel Cæsar hadde Borgli rolla som Charlotte Berg i NRK sin såpeserie Offshore. Ho har òg vore med i ei rekkje teateroppsetjingar.

Borgli er busett i Oslo.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 Tjuefjerde (TV-serie), "Helle Ravn"
  • 2006 Sørgekåpen (TV-serie), "Eva Gerner"
  • 2007 Nattsøsteren (TV-serie), "Eva Gerner"
  • 2008 Honningfellen (TV-serie), "Eva Gerner"
  • 2009 Orkestergraven (TV-serie), "Eva Gerner"
  • 2011 Erobreren (TV-serie), "Veronica"
  • 1996 Offshore (TV-serie), "Charlotte Berg"
  • 1999 Sofies verden, "Spansk senorita"
  • 2002 Holms (TV-serie), "Klesbutikk-selger" (episode nr. 1.8)
  • 2003–2004 Hotel Cæsar (TV-serie), "Sue-Astrid Wallace"

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]