Vasilij Kaptjukh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vasilij Kaptjukh
Statsborgarskap Belarus
Fødd 27. juni 1967 (56 år)
Maladziečna
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Vasilij Borisovitsj Kaptjukh (fødd 27. juni 1967) er ein kviterussisk tidlegare diskoskastar. Han vann den olympisk bronsemedaljen i øvinga i 1996 og to bronsemedaljar frå verdsmeisterskap i friidrett, 1995 og 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kaptjukh var ein av verdas beste diskoskastarar i ein 15-årsperiode frå 1990. Han representerte Sovjetunionen då han vart fjerdemann i diskostevlinga ved europameisterskapen 1990 i Split, sidan tevla han for Kviterussland. Både i Friidretts-VM i Göteborg i 1995 og under Sommar-OL i Atlanta året etter vart Kaptjukh bronsemedaljør, i begge meisterskapane bakom verdsmeister og olympiameister Lars Riedel, og sin eigen landsmann Vladimir Dubrovsjtsjik. Under sommarleikane 2000 i Sydney presterte Kaptjukh sitt livs lengste diskoskast, med 67,59 meter enda han på fjerdeplassen. I 2003 vann han si andre VM-bronse, medan han i Aten-OL 2004 enno ein gong vart nummer fire.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]