Vendehalsar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vendehalsar


Vendehals Jynx torquilla
Vendehals Jynx torquilla

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Familie: Picidae
Slekt: Jynx
Artar
  • J. torquilla
  • J. ruficollis
Vitskapleg namn
Jynx

Vendehalsar, biologisk slekt Jynx, er ei lita, men særprega gruppe av små hakkespettar i «den gamle verda».

Til likskap med dei «verkelege» spettane, har vendehalsar store hovud, lange tunger som dei nyttar til å trekkje ut byttedyr med, og zygodaktyle føter, klatreføter, med to tær peikande framover, og to bakover. Men dei manglar dei stive halefjørene som spettane brukar dei klatrar i tre, så det er meir sannsynleg at vendehalsar kviler på ei grein enn i oppreist stilling på ein trestamme slik som spettane gjer.

Nebba deira er kortare og mindre dolkliknande enn hos spettane. Hovudføda er maurar og andre insekt som dei plukkar frå råtnande trevirke eller i jord. Vendehalsar gjenbrukar spettehòl til reirplass, framfor å hakke ut eigne hòl. Egga er kvite, som hos mange andre hòlerugarar.

Dei to artane har kryptisk fjørdrakt, med intrikate mønstre av gråtonar og i brunt. Lydytringa er eit nasalt hakkespettliknande rop.

Desse fuglane har namn frå evna deira til å snu hovudet nesten 180 grader. Om dei blir forstyrra ved reiret, kveser dei og vrir det slangeliknande hovudet i ein truande oppvising.

Det finst berre to artar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]