Spettefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Spettefuglar

Rødbuktukan Ramphastos dicolorus(Foto: Dario Sanches)
Rødbuktukan Ramphastos dicolorus
(Foto: Dario Sanches)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Meyer & Wolf1810
Familiar
  • Galbuliformes
Piciformes

Seks familiar av fuglar som hovudsakleg har leveområde i skog samlar artar i ordenen spettefuglar, Piciformes. Den mest kjente av desse er spettefamilien som inkluderer hakkespettar og nære slektningar. Piciformes inneheld om lag 67 slekter med litt over 400 artar, kor spettefamilien tel omkring halvparten.

I hovudregelen er Piciformes insektetarar, med unnatak for skjeggfuglar og tukanar som et frukt for det meste, og voksetarar som er heilt unike blant fuglar fordi dei er i stand til å fordøye bivoks, sjølv om hovuddietten også hos voksetarar er insekt. Nesten alle Piciformes har papegøyeliknande zygotisk fot - to tær framover og to bakover, ei ordning som gjev openbare føremonar for fuglar som nyttar mykje tid på trestammar. Eit unnatak er nokre få artar av tretåa hakkespettar. Om ein ser bort frå jakamarar har ikkje Piciformes dun nokon gong, berre ekte fjør. Dei varierer i storleik frå malaypikulett på 8 centimeter i lengd, og vekt på 7 gram, til gulnebbtukan på 61 cm og 500 gram. Alle hekkar i holrom og får ungar som er lite utvikla ved klekking.

[endre] Systematikk

Jakamarar og dovenfuglar er ofte sett inn i sin eigen distinkte Galbuliformes orden, men mange handsamar dei to familiane som ein underorden og likestilla med underordenen Pica som samlar skjeggfuglar, tukanar, voksetarar og spettefamilien. Tidlegare var det semje om å handsame alle skjeggfuglar som ein familie (Kort & Horne 2002). Men dette viser seg å vere parafyletisk med omsyn til tukanane. Derfor ønskjer autoritetar i systematikk å skilje ut asiatiske skjeggfuglane til ein ny familie Megalaimidæ og dei afrikanske til Lybiidæ.


[endre] Kjelder

  • Påstand om splitt av skjeggfuglar kjem frå artikkelen Capitonidae på engelsk Wikipedia som viser til
  • LL Short, JFM Horne (2002) Family Capitonidae (barbets). in del Hoyo J., Elliott A. & Christie D.A. (2004) Handbook of the Birds of the World. Volume 7. Jamacars to Woodpeckers Lynx Edicions, Barcelona ISBN 84-87334-37-7