Verdsutstillinga i Paris 1900

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For dei andre verdsutstillingene i Paris, sjå Verdsutstillinga i Paris.

Verdsutstillinga i Paris 1900, originalt Exposition Universelle 1900, var ei verdsutstilling som vart halden i den franske hovudstaden Paris frå 15. april til 12. november 1900.

Meir enn 50 millionar menneske vitja utstillinga og dette gav eit overskot for den franske regjeringa på sju millionar franc. Utstillinga inneheldt over 76 000 utstillingar og dekte eit område på 1,12 kvadratkilometer.

Fleire kjende byggverk i Paris vart bygde til utstillinga, mellom anna Paris-Gare de Lyon, Gare d'Orsay, Pont Alexandre III, Grand Palais, La Ruche og Petit Palais. Den fyrste lina i Paris Metro starta òg under utstillinga.

Som ein del av utstillinga vart det arrangert sommar-OL frå 14. mai til 28. oktober.

Kjelder [endre]