Eiffeltårnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eiffeltårnet

ArkitektStephen Sauvestre
Opna31. mars 1889
Kart
Eiffeltårnet
48°51′30″ N 2°17′40″ E

Eiffeltårnet (fransk La Tour Eiffel) er det mest kjende landemerket i Paris, og er internasjonalt kjent som eit symbol for Frankrike. Eiffeltårnet er kalla opp etter konstruktøren, ingeniøren Gustave Eiffel. Tårnet står i 7. arrondissement og er ein kjend turistdestinasjon, med over 5,5 millionar besøkande kvart år. Den 28. november 2002 hadde tårnet hatt 200 000 000 (200 millionar) gjester.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Eiffeltårnet under bygging i 1888.

Eiffeltårnet blei bygd mellom 1887 og 1889, og stod ferdig til Verdsutstillinga i 1889 som ei hyllest til hundreårsdagen for den franske revolusjonen. 300 stålarbeidarar sette saman 18 038 stykke av stål ved bruk av 2,5 millionar boltar. I alt blei det bruka ca. 7 000 tonn stål. Høgaste utsving i sterk vind er tolv centimeter, mens tårnet utvidar seg maksimalt 15 centimeter i sterk varme. Dei fire fundamenta er gravne 9–14 meter ned i jorda og har kvar ei flate på 26 kvadratmeter. Tårnet har 1 665 trappetrinn til toppen og kosta i 1889 7,8 millionar franske franc å bygge. Med bakgrunn i den generelle sikkerheitstilstanden for den tida, er det oppsiktsvekkjande at berre éin arbeidar døydde under konstruksjonen.

Tårnet blei møtt med ein del motstand frå offentlegheita, da ein mente at tårnet ville vera ein torn i auget. I dag er tårnet kjent som eit av dei vakraste stykka arkitektur i verda.

Den 31. mars 1889 kunne ingeniør Eiffel heise Trikoloren (det franske flagget) på toppen. Den fyrste besøkande var den daverande prinsen av Wales (seinare Edvard VII av Storbritannia), som klatra opp i tårnet 10. juni 1889.

Eiffeltårnet hadde opphavleg berre løyve til å stå i 20 år, men da tårnet viste seg å vere verdifullt for telekommunikasjon, blei det ståande. Den 12. januar 1908 blei den fyrste langdistanseradiomeldinga send frå tårnet.

Tårnet har au blitt selt til ein mann ved eit bondefangarknep av Victor Lustig.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Tårnet er 300 meter høgt, utan å medrekne fjernsynsantenna på toppen som har ei høgde på 20 meter. Vedlikehaldet av tårnet inkluderer 50 tonn mørk brun måling kvart sjuande år. I 2000 blei det installert blinklys og ein rekke projektørar. Desse lysa har etter kvart blitt del av det nattlege Paris. Projektørane har blitt eit fyr i nattehimmelen til Paris. Tårnet har au ei rekke praktiske formål, da det husar radio- og fjernsynsantenner, ein meteorologisk stasjon og er eit luftfyr. I fyrste og andre etasje er det restaurantar og på toppen ein snackbar. Når det er fint vêr og god sikt kan ein sjå opptil 67 km utover Paris.

Tårnet har årleg 5,8 millionar besøkande. Den 28. november 2002 hadde 200 millionar besøkt tårnet.

Reproduksjonar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire etterlikningar av tårnet:

Transport[endre | endre wikiteksten]

Eiffeltårnet er av naturlege grunnar lett synleg i Paris. Det ligg i nærleiken av metrostasjonane Trocadéro (9) og Bir-Hakeim (6). Det ligg også ved RER-stasjonen Champs-de-Mars - Tour-Eiffel (C).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eiffeltårnet