Vestfjorden i Oslofjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vestfjorden i Indre Oslofjord er to ulike område. Det eine er det den delen av Oslofjorden som går frå Drøbaksundet og på vestsida av Håøya vest for leia inn til Oslo. Fjorden strekk seg frå området kring Oscarsborg festning og om lag 6-7 km nordover til området aust for Båtstø. Det ligg fleire øyar i Vestfjorden og dei største av desse utanom Håøya, er Gråøya, Bergholmen og Torvøya.

Det andre området er det den delen av indre Oslofjord som ligg rett aust for Asker og sør for Bærum, altså utanfor Sandvika, med Nesøya, Ostøya og Brønnøya.

Kjelder [endre]