Vianden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grafschaft Vianden
Grevskapet Vianden
Stat i Det tysk-romerske riket
1000-talet1414 County of Sponheim
Hovudstad Vianden
Styreform Fyrstedøme
Greve
 - 1000-talet Bertolf av Vianden
 - 1420-1442 Engelbrecht I av Nassau
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 1000-talet
 - Kom inn under Sponheim 1414
Vianden
Vianden sett frå borga
Vianden sett frå borga
Byvåpenet til Vianden
Byvåpenet til Vianden
Styresmakter
Land
Distrikt
Kantonar
Luxembourg
Luxembourg
Esch-sur-Alzette
Borgarmeister Gaby Frantzen-Heger
Geografi
Flatevidd
 - By

9,67 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

1 561
  161/km²
Koordinatar 49°56′″N 06°13′″EKoordinatar: 49°56′″N 06°13′″E
Høgd over havet 198-515 m
Diverse anna
Heimeside: www.vdl.lu
Plassering
Plassering av  Vianden

Vianden (luxembourgsk Veianen) er ein by nordaust i Luxembourg med om lag 1 500 innbyggjarar. Han er den minste kommunen med bystatus i landet. Vianden ligg ved elva Our, nær grensa til Tyskland i kantonen med same namn i Diekirch distrikt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vianden sitt opphav går tilbake til den gallisk-romerske tida då det vart bygd ei borg der den noverande borga står. Det opphavlege namnet til Vianden var Viennensis eller Vienna, som truleg kom av det keltiske ordet vien som tyder «stein». Den første skriftlege kjelda om Vianden er frå 698. Vianden har ein av dei eldste byrettane i Europa, som han fekk i 1308 av Filip II, greve av Vianden, som familien Nassau-Vianden sprang ut frå.

I mellomalderen var Vianden sine handverkarar kjende som dyktige garvarar, kleshandlarar, vevarar, tønnemakarar, murarar, låsesmedar og gullsmedar. I 1490 oppretta dei eit laug. I løpet av åra som gjekk vart produksjon av lærvarer ein storindustri og to garveri vart oppretta på slutten av 1800-talet og til slutt lagt ned i midten av 1950-åra.

Vianden borg

Borga vart bygd mellom 1000- og 1300-talet og vart sete for grevane av Vianden. Ho vart vidare utbygd i åra fram til 1700-talet, men då grevane av Luxembourg forsvann til Nederland og ho vart råka av både brann og jordskjelv forfall borga gradvis. I 1820 selde til slutt Vilhelm I av Nederland borga til ein lokal kjøpmann, som igjen selde stykke av ho og reduserte borga til ein ruin. Det vart gjort fleire forsøk på å restaurere borga, men forskjellige eigarskapsproblem stoppa forsøka. Det var først i 1977, då storhertug Jean av Luxembourg avstod borga til staten at det vart mogelege å setje i gang eit restaureringsprosjekt for fullt. I dag er borga gjenoppretta slik ho ein gong var.

Vianden var den siste byen i Luxembourg som vart frigjort frå tyskarane under den andre verdskrigen i februar 1945.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vianden

Kjelder[endre | endre wikiteksten]