Victoria av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Victoria
Crown Princess Victoria June 8, 2013 (cropped).jpg
Kronprinsesse av Sverige
Fullt namn Victoria Ingrid Alice Desirée
Titlar 1977–1979
Prinsesse av Sverige
1980–i dag
Kronprinsesse av Sverige
Hertuginne av Västergötland
Fødd 1977-07-1414. juli 1977, Solna i Sverige
Ektefelle Olof Daniel Westling
Far Carl XVI Gustaf av Sverige
Mor Silvia av Sverige
Born Estelle av Sverige

Victoria (fødd 14. juli 1977) er kronprinsesse av Sverige og hertuginne av Västergötland. Ho er dotter av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Victoria er storesyster til prins Carl Philip av Sverige og prinsesse Madeleine av Sverige, og Sverige sin tronarving. Ho vart fødd prinsesse, men vart gjennom ei attendeverkande endring av grunnlova i Sverige kronprinsesse 1. januar 1980.

I 1995 vart Victoria tildelt storkrossen av St. Olavs orden.

24. februar 2009 kunngjorde det svenske hoffet at Victoria hadde trulova seg med Daniel Westling, som ho hadde vore vener med sidan 2002. Dei gifta seg 19. juni 2010 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm. 23. februar i 2012 fekk dei ei dotter som blir den neste i arvefølgja i Sverige.[1] Dottera fekk namnet Estelle Silvia Ewa Mary. [2]

Namn og titlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1977–1979: Prinsesse Victoria Ingrid Alice Desirée av Sverige
  • 1980–i dag: Kronprinsesse Victoria Ingrid Alice Desirée av Sverige, hertuginne av Västergötland

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Victoria av Sverige
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Beskjed om fødselen frå den Svenske riksmarskalken http://www.kungahuset.se/kungafamiljen/aktuellahandelser/aretsaktuellahandelser/kommunikefranriksmarskalken.5.70e7de59130bc8da54e800020555.html
  2. BT, 24.02.12: Sveriges prinsesse skal hete Estelle