Silvia av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Silvia
Queen Silvia of Sweden, June 8, 2013 (cropped).jpg
Dronning av Sverige
Fullt namn Silvia Renate
Titlar Dronning av Sverige
Fødd 1943-12-2323. desember 1943, Heidelberg i Tyskland
Ektefelle Carl XVI Gustaf
Far Walther Sommerlath
Mor Alice Sommerlath

Silvia (fødd Silvia Renate Sommerlath23. desember 1943) er dronning av Sverige og gift med kong Carl XVI Gustaf av Sverige.

Silvia Sommerlath vart fødd i Heidelberg i Tyskland under andre verdskrigen, som einaste dotter til direktør Walther Sommerlath og den brasilianske kona hans Alice, fødd de Toledo.

Silvia tok studentereksamen i Düsseldorf i 1963 og under andre halvdel av 1960-talet utdanna ho seg til tolk i München. Ho arbeidde ei tid på Argentina sitt konsulat i München, deretter arbeidde ho med førebuingane til Sommar-OL 1972 i byen. I 1973 vart ho viseprotokollsjef for organisasjonskomitéen for Vinter-OL 1976 i Innsbruck i Austerrike.

Under dei olympiske leikane i München trefte Silvia den dåverande kronprinsen i Sverige, Carl Gustaf, og den 12. mars 1976 vart forlovinga deira kunngjort. Dei gifte seg 19. juni 1976 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm, og fekk borna Victoria, Carl Philip og Madeleine.

Dronning Silvia vart tildelt Storkrossen av St. Olavs Orden i 1982.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Hennar Majestet Dronning Silvia av Sverige

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Silvia av Sverige


Kjelder[endre | endre wikiteksten]