Vidje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vidjespenning.
Foto: Truls Erik Dahl

Vidje er mjukt og seigt plantemateriale,[1] som ein kvist eller ei rotrenning, som er brukt til fletting og binding. I førindustriell tid var vidje eit utbreidd materiale som kunne brukast til reip, tønneband, gjerde, korger, fiskereiskapar som teiner og ruser, båtbygging og båtutstyr, skibindingar og truger.

Ordet «vidje» kan også tyda vier,[1] og vierplantar som selje og piletre har vore mykje brukt til vidjer. Ei anna utbreidd kjelde er rotskot frå bjørk.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 «vidje» i Nynorskordboka.
  2. «vidja». ne.se (på svensk). Henta 9. mars 2018.