Maastricht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maastricht
Gamlebyen i Maastricht på andre sida av Maas
Gamlebyen i Maastricht på andre sida av Maas
Flagget til Maastricht Byvåpenet til Maastricht
Flagget til Maastricht Byvåpenet til Maastricht


Plassering
Plassering av  Maastricht
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Limburg
Borgarmeister Onno Hoes
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

60,06 km²
  56,8 km²
  3,26 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2011)
   - folketettleik

121 050
  2 082/km²
Koordinatar 50°51′″N 5°41′″EKoordinatar: 50°51′″N 5°41′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.maastricht.nl


Maastricht (lokal dialekt Mestreech) er ein kommune og by i Nederland i provinsen Limburg, der han er administrasjonssete. Byen ligg på begge sider av elva Maas, som han er kalla opp etter, heilt søraust i landet mellom Belgia og Tyskland. Namnet kjem frå det latinske Trajectum Ad Mosam eller Mosae Trajectum og refererer til ei romersk bru som kryssa elva her.

Lenge har det vorte krangla om kven av Maastricht og Nijmegen som er den eldste byen i Nederland. Nijmegen var den første byen med romerske byrettar i det som i dag er Nederland. Maastricht var den første med mellomalderske byrettar, eit system som utvikla seg til dagens system. Romerske kjelder nemner ein keltisk busetnad der dei bygde brua.

Historie[endre | endre wikiteksten]

St. Servatius-brua, den eldste brua i Nederland
Den største handlegata i Maastricht.

Det er funne steinalderrestar like vest for Maastricht som er mellom 8000 og 25 000 år gamle. Keltarar budde her minst 500 år før romarane kom til området ved ein vadestad over Maas. Romarane bygde seinare ei bru over elva.

St. Servatius var den første biskopen av Nederland. Han er gravlagd i St. Servatius-kyrkja som er og har vore ein populær pilegrimsstad. Det gylne skrinet med leivningane av helgenen vert bore rundt byen kvart sjuande år. Byen var eit bispesete fram til Liège tok over den rolla på 700-talet.

I mellomalderen var Maastricth ein del av Det karolingiske riket og både fyrstbiskopen av Liège og hertugdømet Brabant hadde makt over byen. Han fekk byrettar i 1204.

Frå 1632 vart byen teke frå spanjolane og hadde ein strategisk plass i Dei sameinde Nederlanda. Det vart derfor bygd imponerande festningsverk rundt byen.

Omleiringa av Maastricht skjedde her i juni 1673 som ein del av den fransk-nederlandske krigen sidan dei franske forsyningslinjene var truga. Under omleiringa viste Vauban, ein av dei mest kjende militæringeniørane i historia, korleis åtak på kritiske punkt i forsvarsverka ville få store delar av dei til å ramle ned. Metodane hans vart den mest vanlege måten å angripe ei festning på fram til 1900-talet. Desse hendingane er mellom anna omtalt i Alexandre Dumas sin roman Vicomte dei Bragelonne.

Maastricht overgav seg til dei franske troppane den 30. juni og franskmennene okkuperte byen frå 1673 til 1678. Han kom så tilbake til nederlendingane, men franskmennene tok byen igjen i 1748 som ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen. Byen kom tilbake til Nederland året etter, men vart nok ein gong erobra av Frankrike i 1794, der han vart hovudstad i det franske departementet Meuse-Inférieure.

Etter Napoleonstida vart Maastricht ein del av Det sameinte kongedømet Nederland i 1815 og vart administrasjonssete i den nye provinsen Limburg. Då Belgia søkte sjølvstende i 1830, vart garnisonen i Maastricht verande lojal til den nederlandske kongen, men den omliggande landsbygda kom inn under belgisk kontroll. Stormaktene gav i 1831 byen og området rundt til Nederland, trass i at han var geografisk og kulturelt nærare Belgia. Verken Nederland eller Belgia var i starte einige i dette og det var først etter Londontraktaten i 1839 at denne ordninga vart permanent.

Maastricht vart i perioden etter meir fokusert mot Belgia og Tyskland enn resten av Nederland, og sidan han låg nær det industrialiserte Wallonia, vart han tidlegare industrialisert enn resten av Nederland. Det var først med den første verdskrigen at byen vart tvungen til å søke støtte lenger nord.

Under den andre verdskrigen vart byen raskt okkupert av Nazi-Tyskland den 10. mai 1940. 14. september 1944 vart han derimot den første nederlandske byen som vart frigjeve frå tyskarane. I etterkrigstida vart industrien mindre viktig og byen fekk ein meir serviceorientert økonomi. Maastricht universitet vart grunnlagd i 1976. I 1992 vart Maastricht-traktaten forhandla fram og signert her, noko som førte til opprettinga av Den europeiske unionen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maastricht

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]