Vinstradalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vinstradalen er ein sørgåande sidedal til Drivdalen i Trøndelag og ein trong V-dal med bratte dalsider og ein canyon i nordenden. Han er av fylkesmannen i peikt ut som eit kulturlandskap med nasjonal verdi og er klassifisert som svært verdifull med førsteprioritet.

Setrane ligg enkeltvis eller i små klynger innover heile dalen. Sjølve dalen ligg i fjellbjørkeskog, medan Vetlvonin inst i dalen ligg i lågfjellet.

Geologisk består Vinstradalen for det meste av kambrosilurske bergartar, med glimmerskifer og grønstein som dei mest dominerande. Begge desse gjev næringsrikt jordsmonn med god mineralsamansetting.

Ved starten av dalen ligg garden Trengen, der det finst eit gammalt gravfelt frå om lag år 400 eller eldre.

I Trengenområdet er det ein lokalitet med svartkurle, ein utryddingstrua planteart. Frå her kan ein sjå over dalen til garden Lo som Håkon Håkonson kjøpte og bygde opp med kongsgard, veitslehall og kapell i om lag 1260.