Vinterklede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinne med lue, skjerf og vinterjakke med hette

Vinterklede eller varme klede er klede som kan brukast til vern mot kulde og dårleg vêr om vinteren.[1] Desse kleda kan vera varmeisolerande og ha god motstand mot væte og vind. Kleda kan dekka store delar av kroppen, til dømes ved at dei er store plagg som kjeledressar eller lange frakkar, eller vera for utsette kroppsdelar, som hovud, hals, hender og føter. Ofte kan ein bruka fleire lag for å halda varmen betre.[2]

Vanlege vinterklede er ytterklede som kåpe, frakk, jakke, lue, skjerf og hanskar, vottar og øyrevarmarar, men også varme underklede som langt undertøy, strømper og strømpebukse.[3] Militære vinterklede har utvikla seg frå tjukke frakkar og jakker til klede i fleire lag som kan halda soldatar varme under vinterkampar.[4] Vinterklede brukt til idrett og fritid er mellom anna skidrakt.

Tradisjonelle natursmateriale brukte til vinterklede er pels, filt og ull. Mange nordlege kulturar har brukt dyrepels til å laga vinterklede.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]