Sommareik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sommareik


Status i Noreg: LC Livskraftig

Sommareik
Sommareik

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Bjørkefamilien Betulaceae
Slekt: Quercus

Linné

Art: Q. robur
Vitskapleg namn
Quercus robur
Sommareik
Namn på andre språk
Svensk Ek, skogsek, sommarek, stjälkek
Dansk Stilk-Eg, Almindelig Eg
Engelsk Pedunculate Oak, English oak
Tysk Stieleiche, Sommereiche, Deutsche Eiche
Fransk Chêne pédonculé, chêne blanc, chêne femelle, gravelin, chêne à grappe, châgne
Spansk Roble común, roble carvallo, roble fresnal
Russisk Dub tsjersjtsjatyj (Дуб черешчатый), dub letnij (дуб летний), dub obyknovennyj (дуб обыкновенный)

Sommareik (Quercus robur eller Q. pedunculata Ehrh.) er eit tre som i Noreg vert opp til 12 m høgt.

Innhaldsliste

Utsjånad [endre]

Sommareik er ein av to artar av eik som veks vilt i Noreg.

Sommareik Quercus robur (plansje frå tysk flora frå 1885)

I Noreg veks artane sommareik og vintereik vilt. Sommareika feller det meste av lauvet om hausten, til forskjell frå vintereika, som har det meste av det visne lauvet hengande på om vinteren. Sommareika har svært kort bladstilk, men lang nøttestilk. Vintereik er motsett med lang bladstilk, men kort nøttestilk.

Sommareik er den mest hardføre av eikeartane i Noreg. Ho veks spreidd på indre Austlandet opp til Sigdal og nord til Ringsaker, og langs kysten nord til Sogn, meir sjeldan nord til Smøla. Som planta park- og hagetre veks er ho bruka nord til Troms.

Utbreiing [endre]

I Noreg veks sommareika naturleg på Austlandet nord til Ringsaker, på Sørlandet og på Vestlandet nord til Edøy.

Eika kan vekse på skrinne bakkar, men ho må ha næringsrik grunn for å produsere kvalitetsvirke.

Sommareika kan danne hybrid med vintereika Q. petraea.

Kultur [endre]

Eika er planta mange stader. Sidan teet kan bli tusen år gammalt, har det med seg mykje symbolkraft. Difor er det bruka som symbol for sparebankane. Kunstnarar har gjerne tatt for seg eika – kjende døme er diktet «Den gamle mester» av Jørgen Moe og «Historien» av Edvard Munch.

Eiketømmer har vore ein viktig eksportartikkel, men eikeskogen er krevjande å skjøtte, og i dagens norske skogbruk har eika liten betydning. Eikeborken har vore bruka til garving.

Sommareika er fylkesblomster i Vest-Agder.

Kjelder: [endre]