Vjatsjeslav Skomorokhov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vjatsjeslav Skomorokhov


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 4. oktober 1940
Starobilsk
Død

5. november 1992 (52 år)
Luhansk

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Vjatsjeslav Semjonovitsj Skomorokhov (4. oktober 19405. november 1992) var ein friidrettsutøvar frå Starobilsk som 1969 vart europameister på 400 meter hekk. Han representerte Sovjetunionen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Skomorokhov deltok i EM i friidrett 1966 i Budapest på 110 meter hekk, der han vart nummer 7 på 14,2 sekund. Sidan gjekk han over til å tevle i 400 m hekk, sovjetmeister i fire år på rad frå 1968. Under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen hausten 1968 sette han personleg rekord på 49,61 i semifinalen. I finalen sprang han sitt livs løp og vart femtemann på tida 49,12, sekundet bak David Hemery som sette verdsrekord, men berre eitt tidels sekund bak sølvvinnaren.

Etter å ha vunne den sovjetiske meisterskapen i 1969 på 49,1 sekund, reiste Skomorokhov til europameisterskapen i Aten som ein av favorittane. Han innfridde og vann gullmedaljen på 49,7 sekund, fire tidelar framom John Sherwood frå Storbritannia. To år seinare enda Skomorokhov på sjuandeplassen i langhekk-finalen ved EM i friidrett 1971.

Skomorokhov var nesten dauv, han kunne såvidt høyre smellen frå startpistolen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]