Vokativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vokativ (latin cāsus vocātīvus) er eit grammatisk kasus, brukt som kasuset til tiltaleforma.

Denne kasusen finn ein mellom anna i latin, romansk, gresk, baltiske og slaviske språk som ei tiltaleform av substantiv. Norrønt hadde også vokativ, men dette har stort sett falle bort på moderne norsk.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Ifølge språkkjennaren Per Egil Hegge finst det berre éi ekte vokativform i norsk, nemleg «folkens», som i uttrykket «hei, folkens». I staden for vokativ kan ein på norsk bruka pronomenet «du» foran substantivet: «Du Guri, ...», «du mann» eller «de ungar». Ein slags distinksjon mellom vokativ og ikkje vokativ markering har vi for personnamn i dialektar med såkalla propriell artikkel. I slike dialektar vil «Kari» og «Per» markere vokativ, mens «ho Kari» og «han Per» vil markere andre funksjoner.

litauisk er ordet for mann, vyras, vyre i vokativ. Vokativforma for mannsnamnet Petras er Petrai.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.