Volgadeltaet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volgadeltaet og nordvestlege område av Kaspihavet.

Volgadeltaet er det største innlandsdeltaet i Europa og er danna av den lengste elva i Europa, Volga, som renn ut i Kaspihavet i Astrakhan oblast og Kalmykia i Russland. Deltaet ligg i Den kaspiske senkinga og den austlegaste delen av området ligg i Kasakhstan. Deltaet drenerer ut i Kaspihavet om lag 60 km nedanfor byen Astrakhan.

Volgadeltaet har vokse kraftig det siste hundreåret på grunn av endringar i vassnivået til Kaspihavet. I 1880 hadde deltaet eit areal på 3222 km², og i dag dekker det eit område på 27 224 km² og er om lag 160 km på tvers. Det har eit klassisk «deltamønster». Deltaet ligg i ei tørr klimasone og får særs lite nedbør. Kraftig vind sveipar ofte over deltaet og skaper sanddyner. I deltaet finn ein gjørmete sandgrunner, mudderflater og coquinabreidder.

Endringar i nivået til Kaspihavet har ført til tre særeigne soner i deltaet. Det høgare område vert kalla «Behr-haugane», og er ein rettlinja rygg med leirig sand med lengder på 400 meter til 10 km og ei gjennomsnittleg høgd på åtte meter. Mellom Behr-haugane er eit søkk fylt med vatn og bukter med anten ferskt eller salt vatn. Den andre sonen er sjølve deltaet, som generelt er særs flatt, vanlegvis mindre enn ein meter høgt, og som består av fleire aktive og gamle vasskanalar, små dyner og algeflater. Den tredje sonen er eit breitt område som strekkjer seg opp til 60 km utover i sjøen og er den undersjøiske delen av deltaet.

Deltaet har vore verna sidan tidleg på 1900-talet og var ein av dei første russiske naturreservata (Astrakhan naturreservat, russisk Астраханский заповедник) oppretta i 1919. Mykje av det lokale dyrelivet vert likevel rekna som utryddingstrua. Deltaet er stoppestad for mange trekkfuglar.

Industri og jordbruk har endra deltasletta og ført til at store våtmarksområde har gått tapt. Mellom 1984 og 2001 mista deltaet 277 km² våtmarker, eller i snitt 16 km² per år, av både naturlege og menneskeskapte årsaker. Volga fører med seg store mengder industrielt avfall og sediment til den relativt grunne nordlege delen av Kaspihavet. Dette har ført til oppblomstring av alger i denne delen av havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°43′59″N 47°51′0″E