Vozja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vozja
Vozja i nærleiken Rybnoje
Vozja i nærleiken Rybnoje
Utspring Nøær landsbyen Istok Furmakino
- Høgd 155 moh
Munning Oka
- Høgd 93 moh
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 103 km

Vozja (russisk Вожа) er ei elv i Rjazan i Russland og ei av sideelvane til Oka frå høgre. Ho er 103 km lang og har ei gjennomsnittleg helling på 0,275 meter per kilometer.

Ho spring ut frå nokre kunstige innsjøar i nærleiken av den kollektive garden Komsomolsk, først nordaustover og etter kvart austover. Ho munnar ut i Oka ovanfor Rjazan, 93 meter over havet.

Av sideelvar finn ein Palnaja, Brovka, Metsja og Serenka.

Byen Rybnoje ligg ved Vozja.

Ved Vozja og sideelva Metsja sigra den moskovittiske fyrsten Dmitrij Donskoj ein mongolsk hær i slaget ved Vozja i august 1378

Kjelder[endre | endre wikiteksten]