Rjazan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rjazan
Ряза́нь
Uspenskijkatedralen i Rjazan
Uspenskijkatedralen i Rjazan
Flagget til Rjazan Byvåpenet til Rjazan
Flagget til Rjazan Byvåpenet til Rjazan


Plassering
Rjazan is located in Russland
Rjazan is located in Rjazan oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Rjazan oblast
Først nemnd i
Bystatus
1096
1719
Borgarmeister Fjodor Provotorov
Geografi
Flatevidd
 - By

224 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

512 200
  2 286,6 /km²
Koordinatar 54°37′″N 39°43′″EKoordinatar: 54°37′″N 39°43′″E
Høgd over havet 130 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer (+7)4912
Retningsnummer (tlf) 390000–390048
Bilnummer 62
Nettstad: www.admrzn.ru

Rjazan (russisk Ряза́нь) er ein by i og administrativt senter for Rjazan oblast i Russland. Byen ligg ved elva Oka, rundt 196 km søraust for Moskva. Han har like over 510 000 innbyggjarar (2007).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det vert hevda at kreml i Rjazan vart grunnlagd i 1095 av slaviske nybyggjarar[treng kjelde] som ein del av framstøyten deira i område som tidlegare var busett av finske-ugriske folkeslag. Han var først bygd i tre, men gradvis erstatta av stein. Den eldste bevarte delen av kreml er frå 1400-talet.

Byen vert nemnd i historiske dokument i 1301, som Pereslavl-Rjazanskij. På den tida var han ein del av Fyrstedømet Rjazan, som var sjølvstendig frå 1129. Den første herskaren av Rjazan var Jaroslav Svjatoslavitsj, fyrste av Tsjernigov.

Rjazan-området, som ligg i overgangen mellom skog- og steppesonene, var utsett for mange invasjonar frå sør: khazarar, petsjenegar og kiptsjakar. Hovudstaden i fyrstedømet var den første russiske byen som møtte mongolane til Batu Khan. 21. desember 1237 vart han øydelagd og klarte aldri å vinne tilbake den tidlegare posisjonen sin. Denne staden er no kjend som Staraja Rjazan (Gamle Rjazan) og ligg rundt 50 km frå dagens Rjazan (då kalla Pereslavl-Rjazanskij).

I Slaget ved Kulikovo i 1380, som er ei viktig hending i russisk historie, kjempa storfyrste Oleg av Rjazan og hans menn som allierte til Mamaj, ein tartarhøvding under Den gyldne horden, mot dei russiske armeane under kommando av storfyrsten av Vladimir, Dmitrij Donskoj.

På slutten av 1200-talet flytta Rjazanfyrstane hovudstaden sin til Pereslavl, som er kjend som Rjazan frå 1500-talet av (men offisielt først frå 1778). Fyrstedømet vart endeleg lagt under storfyrstedømet Moskva i 1521.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Rjazan er eit viktig industrisenter og står for 60 % av bruttoproduksjonen i oblasten. Den viktigaste industrigreina er maskinbygging, men annan tungindustri, eit oljeraffineri og jordbruksretta industri er representert.

Rjazan er stasjoneringsby for den russiske fallskjermjegerskulen. Den strategiske bombeflybasen Djagilevo ligg like vest for byen og den nå nedlagte Aleksandrovo flybase ligg i søraust, i likskap med den vesle Rjazan Turlatovo lufthamn.

Byen har ei elvehamn ved Oka og er eit knutepunkt for jernbanelinjer i distriktet.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Byen Rjazan er delt inn i fire administrative distrikt: Moskovskij, Oktjabrskij, Sovetskij og Zjeleznodorozjnij.

Attraksjonar i Rjazan[endre | endre wikiteksten]

  • Rjazans kreml
  • Pavlov-museet
  • Arkitektonisk museum
  • Kunstmuseum
  • Dramateater
  • Pjanijparken

Kjende personar frå Rjazan[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rjazan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]