Oka
| Oka | ||
|
|
||
| Munning | Volga | |
| Land i nedslagsfelt | Russland | |
| Lengd | 1500 km | |
| Middelvassføring | 1300 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 245 000 km² | |
|
|
||
Oka (russisk Ока́) er ei elv sentralt i Russland og den største sideelva til Volga frå høgre. Ho renn gjennom Orjol, Tula, Kaluga, Moskva, Rjazan, Vladimir og Nizjegorod og nesten heile elva kan nyttast til skipsfart, heilt opp til byen Kaluga. Elva er over 1500 km lang. Den russiske hovudstaden, Moskva, ligg langs ein av sideelvane til Oka, Moskvaelva.
Innhaldsliste |
Namn og historie [endre]
Max Vasmer knyt namnet på elva til det gotiske аƕа, gammal høgtysk aha, latinsk aqua, som alle tyder anten «vatn» eller «elv» (jfr. Aa)[1] Oleg Trubatsjev sporer opphavet av namnet tilbake til baltiske språk. Det var det baltiske folket galindiane som levde på vestsida av Oka før slavarane kom hit.
Historisk har elva gjeve namn til Øvre Oka fyrstedøme oppfor Tarusa. Ein av dei største russiske byane Nizjnij Novgorod vart grunnlagd for å verne området der Oka renn ut i Volga. Qasim-khanatet, ein muslisk stat, okkuperte dei nedre delane av Oka på 1400- og 1500-talet.
Landemerke [endre]
Langs breidda av elva finn ein mange historiske og kulturelle stader, som mellomalderklostera i Murom, moskeane og minaretane i Kasimov, dei festningliknande kremlane i Kolomna og Serpukhov, minnesmerka over Vasilij Polenov og Sergej Jesenin, dei utgravde ruinane av Gamle Rjazan og Det gamle Sjukhovtårnet.
Prioksko-Terrasnyj biosfærereservat ligg på venestresida av elva overfor byen Pusjtsjino og er kjend som eit område der visentar formeirar seg.
Sideelvar [endre]
Byar ved Oka [endre]
- Orjol
- Beljov
- Tsjekalin
- Kaluga
- Aleksin
- Tarusa
- Serpukhov
- Kasjira
- Protvino
- Pusjtsjino
- Kolomna
- Rjazan
- Kasimov
- Murom
- Pavlovo
- Navasjino
- Gorbatov
- Dzerzjinsk
- Nizjnij Novgorod
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Oka River» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Vasmer's Etymological Dictionary, vol. 3, s. 127.