Vrbas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vrbas
Vrbas gestaut.jpg
Utspring Vranica
- Høgd 1 780 m
Munning Sava
- Høgd 93 m
Land i nedslagsfelt Bosnia-Hercegovina
Lengd 192 km
Renn gjennom Banja Luka

Vrbas (serbisk kyrillisk: Врбас) er ei av dei store elvane vest i Bosnia-Hercegovina. Ho er ei av sideelvane til Sava frå høgre. Ein av byane ho renn gjennom er Banja Luka, hovudstaden i Republika Srpska.

Ho har sitt utspring i fjellet Vranica, og ei totalt lengd på 192 km. Av større byar ho renn igjennom er Uskoplje, Bugojno, Donji Vakuf, Jajce og Banja Luka. Det er òg bygd eit vasskraftverk på elva mellom Jajce og Banja Luka, som produserer opp mot 110 MW straum.

Elva gav i si tid namn til ein av provinsane i Kongedømet Jugoslavia, Vrbas Banovina.

Ein lokal turistattraksjon er elverafting.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]