Banja Luka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banja Luka
Horisonten til Banja Luka
Horisonten til Banja Luka
Byvåpenet til Banja Luka
Styresmakter
Land
Republikk
Bosnia-Hercegovina
Republika Srpska
Geografi
Flatevidd 1 238,89 km²
Flatevidd
 - By

96,2 km²
Innbyggjarar
 - By ((est.))

224 647
Koordinatar 44°46′″N 17°11′″EKoordinatar: 44°46′″N 17°11′″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +387 51
Heimeside: www.banjaluka.rs.ba
Plassering
Plassering av Banja Luka i Bosnia-Hercegovina
Plassering av Banja Luka i Bosnia-Hercegovina
Plassering av Banja Luka i Bosnia-Hercegovina

Banja Luka eller Banjaluka er den største byen og hovudstaden i Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina. Banja Luka er òg den nest største byen i heile Bosnia-Hercegovina med om lag 225 000 innbyggjarar, og den største byen i regionen Bosanska Krajina. Han ligg nordvest i landet ved elva Vrbas. Byen var kjend i det tidlegare Jugoslavia for ein by full av trefeltsgater, hagar og parkar. Byen er sete for nasjonalforsamlinga i Republika Srpska og Universitetet i Banjna Luka, eit av to universitet i Republika Srpska.

Banja Luka ligg i Banjalukadalen i Dei dinariske Alpane, og områda rundt byen er skogkledd.

Forsamlingssalen i Banja Luka

Banja Luka vart først nemnd i dokument i 1494, men ein har funne spor etter romerske busetnadar her, mellom anna den gamle festninga Kastel midt i byen. Slavarane slo seg ned her på 600-talet. Ein av dei første offentlege bygningane som vart bygd etter Kastel var eit fransiskanarkloster bygd i 1378 i naboområdet til Banja Luka. Det var først på midten av 1500-talet, som ein del av Det ottomanske riket, byen verkeleg utvikla seg då Ferhat Pasa Sokolovic bygde over 200 prosjekt frå handverkar- og salsbutikkar til kveitevarehus, bad og moskear, i tillegg til sanitæranlegg. I 1688 vart byen sett i brann av austerrikarar, men vart raskt bygd opp att, og Banja Luka vart etter kvart eit strategisk militærsenter. Byen vart derimot ikkje moderinisert før han kom inn under styret til Austerrike-Ungarn seint på 1800-talet.

Under Den andre verdskrigen vart byen okkupert av romersk katolske kroatar (som var for nazistane), og serbiske og jødiske familiar i byen vart deportert til nærliggande konsentrasjonsleirar.

I 1969 øydela eit kraftig jordskjelv mange bygningar i Banja Luka, mellom anna ein stor bygning kalla Titanik i midten av byen. Med hjelp av frå resten av statane i Jugoslavia vart byen bygd opp att, men mange av dei gamle bygningane frå den ottomanske perioden var totalt øydelagd.

Det vart gjort store endringar i byen under Jugoslavia-krigane på 1990-talet. Enkelte kroatar og muslimar vart teken til interneringsleirar, og alle moskeane som vart bygd på 1400- og 1500-talet vart øydelagd, mellom anna Ferhadijamoskeen, som på den tida stod på UNESCO si verdsarvliste. Eit forsøk på å rekonstruere moskeen i 2001 førte til opprør av serbarane, og gateslagsmål mellom serbarar og bosniarar. Andre moskear er derimot vorte oppført på ny, og ein reknar med at ein i nær framtid skal få opp ein rekonstruksjon av Ferhadijmoskeen òg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]