Vyg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vyg
Vyg River.jpg
Munning Onegabukta
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 237 km
Middelvassføring 267 m³/s
Nedslagsfelt 27 100 km²

Vyg (russisk Выг) er ei elv i Karelia i Russland som munnar ut i Kvitsjøen. Elva er 237 km lang og har eit nedslagsfelt på 27 100 km². Elva har ei middelvassføring på 267 m³/s.

Vyg består av øvre og nedre Vyg. Øvre Vyg er 135 km lang og spring ut frå Verkhotinojesjøen aust for Onega, og munnar ut i Vygozero ved Vorosjgora. Øvre Vyg renn gjennom fleire små innsjøar i eit myrlendt landskap. Nedre Vyg er 102 km lang og renn frå Vygozero, og munnar ut i Onegabukta i Kvitsjøen ved Belomorsk. Nedre Vyg vert kontrollert av fleire dammar som ein del av Kvitsjøkanalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]