Włocławek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Włocławek
Domkyrkja i Włocławek
Domkyrkja i Włocławek
Flagget til Włocławek Byvåpenet til Włocławek
Flagget til Włocławek Byvåpenet til Włocławek


Plassering
Włocławek is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Kujaviskpommerske
Grunnlagd
Byrettar
900-talet
1255
Borgarmeister Andrzej Pałucki
Geografi
Flatevidd
 - By

84,32 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

119 608
  1419/km²
Koordinatar 52°39′0″N 19°3′0″EKoordinatar: 52°39′0″N 19°3′0″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 87-800 til 87-810, 87-812, 87-814, 87-816 til 87-818, 87-822
Telefon-retningsnummer +48 054
Bilnummer CW
Nettstad: www.wloclawek.pl


Włocławek (tysk Leslau) er ein by nord i Polen ved elvane Wisła og Zgłowiączka og om lag 120 000 innbyggjarar. Han ligg i Kujaviskpommerske voivodskap og var fram til 1999 hovudstad i Włocławek voivodskap.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bispedømet Włocławek (latinsk: Vladislaviensis) i Kuyavia, nær Płock, vart først nemnd i ein pavebulle frå pave Eugene III i 1148. Den første biskopen av Włocławek var Warner, som er nemnd i bullen, etterfølgd av Onoldius frå Italia. På eit tidspunkt vart bispedømet kalla Vladislaviensis et Pomeraniae (Włocławek og Pommern). Namnet Vladislaviensis og tidsepoken peikar mot Władysław II den landflyktige eller bestefaren Władysław I Herman, eller Vladislav II av Böhmen, som mogelege namngjevarar. Under naziokkupasjonen under den andre verdskrigen fekk Włocławek namnet Leslau.

Wloclawek hadde ein ganske stor jødisk folkesetnad i mange hundre år. Etter nazistane okkuperte byen vart han den første byen i Europa der jødane måtte gå med den gule jødiske davidsstjerna. Mange jødar frå byen døydde i samanstøyt med nazistane, av svolt eller sjukdom etter at dei vart flytta til gettoen i Łódź. Andre mista livet i dødsleiren Chelmno.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Włocławek

Kjelder[endre | endre wikiteksten]