Pommern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Våpenet til Pommern

Pommern (kasjubisk Pòmòrze eller Pòmòrskô, polsk Pomorze) er eit historisk landskap ved utløpet av Oder langs Austersjøen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pommern omfattar eit stort område nord i Polen og Tyskland. Pommern består av Frampommern, Rügen, Szczecinkyst, Koszalinkyst, Gdańskkyst, Kasjuben og Pojezierze Pomorskie.

Mesteparten av Pommern ligg på den polske sida av grensa, innanfor Vestpommerske og Pommerske voivodskap. På den tyske sida ligg Frampommern. Området til Pommern i Tyskland ligg heilt innanfor delstaten Mecklenburg-Vorpommern.

Pommern som del av Polen, Danmark, Sachsen, Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Namnet Pommern har sjølv kasjubisk (pommersk) opphav og er avleidd av po more, «landet ved sjøen».

Frå om lag 1200 f. Kr til folkevandringstida400-talet var Pommern folkesett av germanske folk. På 600-talet slo den vestslaviske pommerske eller kasjubiske stamma seg ned i området og gav namn til området.

Pommeranarane kom på 900-talet under påverknad av sine kristne naboar – frå vest dei tyske landsfyrstane (Sachsen frå om lag 918) og dei austmarkiske landgrevane (Brandenburg frå om lag 1150), begge delar av Det tysk-romerske riket og frå søraust dei polske piasthertugane (frå om lag 970). Piastane erobra heile Pommern mellom munningane til Oder og Wisła i år 979 og innlemma det i den polansk-piastiske staten sin.

Under den store heidenske reaksjonen i Polen i 1038, vart området igjen sjølvstendig. Den første historisk kjente fyrsten av pommeranarane var Siemomysł (Zemuzil dux Bomeranorum). I 1046 fann i Meissen etter formidling av den tysk-romerske keisaren eit møte mellom hertug Kasimir I Fornyaren og Siemomysł stad, for å prøve å få i stand ei løysing. Pommern vart verande sjølvstendig mot å betale ein årleg tributt til polakkane. I 1091 vart Szczecin innlemma i piastriket av Władysław I Herman, men denne suksessen var kortvarig.

I 1121 la Bolesław III den skeivmunna etter tre felttog i åra 1116, 1119, 1121 under seg Pommern og organiserte samstundes misjonsarbeid i området. Han let pommeranarane verte kristna av Otto av Bamberg og sette inn ein pommersk fyrste frå Gryf-dynastiet, Warcisław I, som vasallen sin og det oppstod eit hertugdøme med hovudborgene Kamień og Szczecin.

Pommern under Gryf-dynastiet[endre | endre wikiteksten]

Pommern på 1600-talet

I 1164 vart saksaren Heinrich der Löwe lensherre over Pommern. Etter keisar Fredrik Barbarossa sigra over Heinrich der Löwe vart Pommern ein del av Det tysk-romerske riket. I 1181 opphøgde Fredrik Barbarossa sonen til Warcisław, hertug Bolesław I, til tysk-romersk riksfyrste. Gryfene herska som fyrstar over Pommern fram til huset døydde ut på sverdsida i 1637.

Pommern vart okkupert av Danmark i 1185, før det, bortsett frå Rügen, fall tilbake til Det tysk-romerske riket ved slaget ved Bornhöved i 1227.

Rügen hadde danskane skattlagd alt frå 1168 og etter kvart kristna. Fyrstane av det raniske dynastiet vart verande lensmenn over Rügen fram til dei døydde ut på sverdsiden i 1325.

1100- og 1200-talet slo stadig fleire tyskarar seg ned i Pommern, som vart ein del av det nedertyske språkområdet. Òg dei slaviske innbyggjarane vart etter kvart germanisert. Hertugane av det slaviske Gryf-dynastiet fremma sjølv den tyske innvandringa, som bidrog til å auke folketalet i det frå før heller tynt folkesette hertugdømet. Gryfane konkurrerte med dei brandenburgske askaniarane, som òg ønskte fleire tyske nybyggjarar til å folkesette det opphavlege vestslaviske Brandenburg. I mange byar og stadar av slavisk opphav vart dei slaviske stadnamna halde, eventuelt med små tilpassingar. Den tyske og slaviske folkesetnaden i Pommern gjekk etter kvart opp i kvarandre.

I 1180 grunnla nedersaksiske premonstratensarar klosteret Belbuck. Mecklenburgiske cisterciensarar grunnla i 1173 klosteret Kolbatz og i 1199 klosteret Hilda. På 1200-talet vart Pommern folkesett med nybyggjarar frå dagens Mecklenburg, Nedersachsen og Westfalen og byar som Stralsund, Kołobrzeg (Kolberg), Wolgast og Gryfice (Greifenberg) fekk Lübeck-rettar, medan Szczecin (Stettin) og Stargard Szczeciński Magdenburg-rettar.

I 1295 følgde ei deling av gryfane sine område i fyrstedømma Szczecin (innanlandsk del på begge sider av Oder og sør for Stettiner Haff) og Wołogoszcz (kystområde, i Vorpommern nord for elva Peene inkludert byane Demmin og Anklam). Det siste vart fram til 1400-talet sjølv oppdelt fleire gonger, men overtok etter rügenfyrstane døydde ut i 1325 fyrstedømmet Rügen (øya Rügen samt det tilstøytande fastlandet med byane Stralsund, Barth, Damgarten, Tribsees, Grimmen og Loitz).

Etter at den danske lensoverhøgda tok slutt, gjorde dei askaniske markgrevane av Brandenburg krav på lensoverhøgd over Pommern. Dette kravet vart støtta av keisar Fredrik II. Resultatet var ein krig mellom hertugane av Pommern (som på denne tida var delt) og markgreven av Brandenburg. Under Barnim III vart Pommern i 1348, takka vere gode samband til Karl IV, riksumiddelbart hertugdøme (altså direkte underlagt keisaren). I 1529 aksepterte Brandenburg den riksumiddelbare statusen til Pommern, mot rett til å etterfølgje gryfane dersom slekta skulle døy ut.

Mange av byane i Pommern høyrte til Hansaforbundet. I 1456 vart det grunnlagt eit universitet i Greifswald. Pommern vart samla i 1478 av hertug Boguław I, den viktigaste hertugen av Gryf-dynastiet. Men landet vart alt under etterfølgjarane hans delt på nytt. Denne gongen gjekk delelinja langs elvane Oder og Randow og delte det i ein vestleg (Pommern-Wolgast) og ein austleg (Pommern-Stettin) del.

Frå 1534 vart reformasjonen gjennomført i Pommern. I 1536 bekjente hertug Filip I av Pommern-Wolgast seg til Martin Luther si lære gjennom bryllaupet sitt med Maria av Sachsen-Wittenberg i Torgau. Ved siden av Luther og Melanchton vart den pommerske presten Johannes Bugenhagen frå Treptow, kalla Doctor Pomeranus, ein av de mest kjente reformatorane. Gjennom konfiskeringa av dei omfattande kyrkjelege eigedomane auka hertugane maktposisjonen sin i Pommern.

Under Bogusław XIV vart Pommern samla på nytt i 1625. Nøytraliteten til Pommern under trettiårskrigen kom landet deriomt ikkje til nytte. Pommern vart vekselvis plyndra av dei keisarlege troppane under Wallenstein og svenskane under Gustav II Adolf. Etter at Wallenstein trass løfte frå keisar Ferdinand II okkuperte Pommern, slutta Stralsund (1628) og etter kvart resten av Pommern, dog ikkje helt frivillig (1630) seg til svenskane. Etter Bogusław XIV døydde i 1637 skulle Pommern gå til Brandenburg, men svenskane okkuperte framleis landet.

Prøyssisk og svensk styre[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Svensk Pommern.

Ved freden i Westfalen kom Bakpommern i 1648 til Brandenburg og Frampommern vart verande svensk. Under trettiårskrigen mista Pommern nesten ein tredjedel av folkesetnaden. Landet vart delt og låg økonomisk i ruinar. Brandenburg og det seinare kongedømet Preussen gav aldri opp kravet sitt på heile Pommern. Etter den store nordiske krigen (1700-1721) kom Frampommern sør for elva Peene til kongedømet Preussen. Under sjuårskrigen (1756-1763) kom det igjen til krigshandlingar mellom Sverige og Preussen. Pommern vart delvis okkupert av russiske troppar og festninga Kolberg fleire gongar omleira. Under Napoleonskrigane leid Pommern sterkt. I 1807 vart heile Frampommern okkupert av Frankrike. Etter frigjevinga av Tyskland i 1815 vart òg den nordlege delen av Frampommern med øya Rügen avstått frå Sverige til Preussen. Pommern vart verande ein prøyssisk provins fram til etter den andre verdskrigen.

Etter den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Ved slutten av den andre verdskrigen vart Pommern erobra av den raude arméen. I august 1945 avgjorde sigersherrane at Pommern aust for Oder (Odra) og Swine (Świna) skulle stillast under polsk forvaltning. Òg Swinemünde (Świnoujście) og Stettin (Szczecin) med forland vart innlemma i Polen. Den tyske folkesetnaden, som utgjorde størsteparten av folkesetnaden i Pommern på dette tidspunktet, flykta eller vart drive bort som følgje av avgjersla til Potsdamkonferansen. Området vart folkesett med polakkar, som hadde vorte tvangsflytta frå austlege område av Polen som Sovjetunionen hadde annektert etter krigen.

Den polsk-tyske grensa vart godkjent av Vest-Tyskland1970-talet og av Tyskland i 1990 etter samlinga av Vest-Tyskland og DDR. Den vestlegaste delen av Pommern hamna etter krigen i DDR og frå 1990 er han ein del av delstaten Mecklenburg-Vorpommern.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Pommern» frå Wikipedia på bokmål, den 29. desember 2009.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • Wehrmann, M.: Geschichte von Pommern. vol. 1-2, Gotha, 1919-21
    • Spahn, M: Verfassungs- und Wirtshaftsgeschichte des Herzogtums Pommern von 1476 bis 1625. Leipzig, 1896
    • Schumacher, B.: Geschichte Ost- und Westpreussens. Würzburg, 1959