Kujaviskpommerske voivodskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kujaviskpommerske voivodskap
Województwo kujawsko-pomorskie
Flagget til Kujaviskpommerske voivodskap Våpenet til Kujaviskpommerske voivodskap
Flagget til Kujaviskpommerske voivodskap Våpenet til Kujaviskpommerske voivodskap
Plasseringa til Kujaviskpommerske voivodskap i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Bydgoszcz, Toruń
Fylke: 4 byar og 19 landfylke
Gmina: 144
Folketal: 2 066 425 (2006)
Areal: 17 969 km²
Folketettleik: 115 /km²
Heimeside: www.kujawsko-pomorskie.pl

Kujaviskpommerske voivodskap (polsk województwo kujawsko-pomorskie eller berre Kujawsko-Pomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg midt i den nordlege delen av Polen på grensa mellom dei to historiske regionane som han har fått namn etter: Kujavia (polsk Kujawy) og Pommern (polsk Pomorze).

Historie og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Kujaviskpommerske voivodskap vart danna 1. januar 1999, ut av dei tidlegare voivodskapa Bydgoszcz, Toruń og Włocławek.

Funksjonane som regionshovudstad er fordelt på dei to byane Bydgoszcz og Toruń. Bydgoszcz er sete for den sentralt utpeikte guvernøren eller voivoden, medan Toruń er setet for den valde regionsforsamlinga eller sejmik.

Naboregionar[endre | endre wikiteksten]

Kujaviskpommerske voivodskap grensar til fem andre voivodskap. Desse er Pommerske voivodskap i nord, Ermelandskmasuriske voivodskap i nordaust, Masoviske voivodskap i aust, Łódź-voivodskapet i sør og Storpolske voivodskap i sør og vest.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Voidodskapet inneheld 52 byar. Innbyggjartala i lista nedanfor er offisielle tal frå 2006 [1]):

1. Bydgoszcz (364 953)
2. Toruń (207 381)
3. Włocławek (119 608)
4. Grudziądz (99 299)
5. Inowrocław (77 095)
6. Brodnica (27 624)
7. Świecie (25 614)
8. Chełmno (20 388)
9. Nakło nad Notecią (19 409)
10. Rypin (16 565)
11. Chełmża (15 273)
12. Solec Kujawski (15 060)
13. Lipno (14 834)
14. Żnin (14 052)
15. Tuchola (13 935)
16. Wąbrzeźno (13 796)
17. Golub-Dobrzyń (13 006)
18. Mogilno (12 359)
19. Aleksandrów Kujawski (12 359)
20. Ciechocinek (10 855)
21. Koronowo (10 784)
22. Kruszwica (9 373)
23. Szubin (9 326)
24. Sępólno Krajeńskie (9 258)
25. Janikowo (9 111)
26. Barcin (7 810)

27. Gniewkowo (7 254)
28. Nowe (6 252)
29. Strzelno (6 054)
30. Pakość (5 789)
31. Więcbork (5 788)
32. Radziejów (5 756)
33. Kcynia (4 679)
34. Brześć Kujawski (4 522)
35. Piotrków Kujawski (4 509)
36. Łabiszyn (4 473)
37. Mrocza (4 203)
38. Janowiec Wielkopolski (4 114)
39. Kowalewo Pomorskie (4 055)
40. Jabłonowo Pomorskie (3 658)
41. Kowal (3 484)
42. Skępe (3 442)
43. Łasin (3 276)
44. Lubraniec (3 207)
45. Izbica Kujawska (2 783)
46. Dobrzyń nad Wisłą (2 269)
47. Kamień Krajeński (2 251)
48. Nieszawa (2 012)
49. Chodecz (1 936)
50. Radzyń Chełmiński (1 915)
51. Górzno (1 362)
52. Lubień Kujawski (1 299)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 53°04′42″N 18°29′37″E