Waitangi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Waitangi is located in New Zealand

Waitangi er ein tettstad som ligg i Bay of IslandsNordøyaNew Zealand. Han ligg nær byen Paihia (som han no vert rekna som ein del av), 60 kilometer nord for Whangarei. Namnet tyder «gråtande vatn»māori. Folketalet var 792 ved folketeljinga i 2006. Dei fleste lever av turisme, somme og av fiske og båtbygging.

Grunnleggjinga til nasjonen[endre | endre wikiteksten]

Waitangi House (Treaty House)

Waitangitraktaten (engelsk: Treaty of Waitangi, māori: Te Tiriti o Waitangi) vart først underteikna 6. februar 1840 i eit provisorisk telt som vart sett opp ved bustaden til den offisielle engelske representanten James Busby i Waitangi. Traktaten vart underteikna av representantar frå den britiske kruna, māorihøvdingar i konføderasjonen av United Tribes of New Zealand (dei sameinte stammane på New Zealand) og andre leiarar av māoristammar. Seinare vart traktaten underteikna av andre māorileiarar andre stader på New Zealand. Traktaten gjorde New Zealand til ein britisk koloni, og er sett på som grunnleggjingsdokumentet til den newzealandske nasjonen. Waitangi Day, den 6. februar, er den årlege høgtidinga av underteikninga, og dagen er òg New Zealand sin nasjonaldag.

Te Whare Runanga (Māoriane sitt møtehus).

Under førebuingane til New Zealand sitt hundreårsjubileum i 1940, vart bustadhuset til James Busby, Treaty house, restaurert i 1930-åra, og møtehuset Te Whare Runanga vart bygt ved sida av det. Dette auka merksemda om traktaten frå pākehā si side for første gongen sidan det 19. hundreåret.

Koordinatar: 35°15′58″S 174°04′48″E