Waldemar Thrane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Waldemar Thrane (8. oktober 179030. desember 1828) var ein norsk komponist, fiolinist og orkesterleiar. Han er rekna som Noregs viktigaste musikar først på 1800-talet og ein pioner i norsk musikk.

Waldemar Thrane vart fødd i Christiania (no Oslo). I 181415 studerte han hjå fiolinisten Baillot i Paris. Komposisjonane hans har kjenneteikna til wienerklassisismen — den vanlege stilen i Europa på den tida. I syngjespelet Et Fjeldeeventyr (1824) vart òg norsk folkemusikk brukt som kjelde — ofte rekna som det første steget på vegen mot ein nasjonal norsk musikkultur. "Aagots Fjeldsang" har ein innleiande lokk og er dermed den einaste songen i syngjespelet med eit nasjonalt element. Resten av "Et Fjeldeventyr" vert sunge av byfolk eller embetsmenn. Vi møter allereie det såkalla "Griegske ledemotiv" i lokken (fallande sekund og ters) fleire stader i lokken, til dømes i det avsluttende utbrotet "Aa stakkar".

Kjelder[endre | endre wikiteksten]