WestLB

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

WestLB AG er ein europeisk handelsbank basert i Düsseldorf i Tyskland og er delvis eigd av den tyske staten Nordrhein-Westfalen. Bokstavane LB i namnet står for Landesbank. Landesbanken er ei gruppe statseigde bankar i Tyskland. Dei er regionalt organiserte og driv hovudsakleg med bankverksemd. WestLB er derimot ikkje lenger ein Landesbank i dag, og heitte tidlegare Westdeutsche Landesbank.

Baken vart oppretta 1. januar 1969. Den totale omsetjinga til gruppa er €288,1 mrd. den 31. desember 2008[1] med operasjonar i elleve land i Europa, seks land i Amerika, seks land i Asia, Australia og Sør-Afrika, inkludert store investeringar i New York, London, Luxembourg, Tokyo og Hong Kong.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]