Wienerwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wienerwald nær Breitenfurt

Wienerwald er ein skogkledd og låg del av Alpane i austlege delar av Niederösterreich‎ og Wien. Han dekkjer over 1 000 kvadratkilometer og inkluderer den nordlegaste delen av Alpane. Wienerwald er definert som det åslendte landskapet mellom elvene Triesting, Gölsen, Traisen og Donau, og er ein mykje brukt friluftstad for innbyggjarane i og rundt Wien.

Winerwald ligg på grensa mellom Mostviertel og Industrieviertel, to av fire område i Nedre Austerrike, og strekkjer seg langt inn i Wien.

Fjellrekkja Wienderwald er ei vidareføring av Dei austlege Alpane til Karpatane, og berre Donau og nokre tektoniske forkastingar nær Wien ligg mellom dei. Ho er den nordlege delen av sandstein-sona i Alpane, medan den sørlege delen er ein del av Dei nordlege kalksteinsalpane. Skogen i nord består hovudsakleg av bøk, eik og agnbøk, medan ein i sør har meir av gran og furu. I dei sørlege områda ligg og naturparken Föhrenberge.

Det høgaste punktet i Wienderwald er Schöpfl med 893 meter over havet, og her ligg Leopold Figl-observatoriet. Sjølv om Winerwald er eit verna naturområde er det truga av byspreiing.

Naturparken Sandstein-Wienerwald ligg nær Purkersdorf, om lag 20 km vest for Wien.

Wienerwald har vore folkesett sidan 700-talet. Slavarar slo seg ned her etter folkevandringstida, og dei har gjeve namn til landsbyar som Döbling, Liesing eller Gablitz. Wienerwald var eit område der dei kongeleg i Wien kom for å jakte, men i byrjinga av 1500-talet vart område òg eit viktig skogbruksområde. Frå 1840 og vidare førte den industrielle utviklinga til auke busetjing i område. I 1870 hadde ein planar om å hogge ned heile skogen, men dette førte til omfattande offentleg motstand, der Josef Schöffel var ein av dei viktigaste personane.
I 1987 signerte guvernørane i Wien, Niederösterreich‎ og Burgenland ei såkalla Wienerwald-erklæring om å verne naturen i området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]