Wigry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wigry
Wigry - Solnedgang over Wigry
Solnedgang over Wigry
Stad Podlasie-voivodskapet
Koordinatar 54°2′12″N 23°5′54″EKoordinatar: 54°2′12″N 23°5′54″E
Tilknytte land Flag of Poland.svg Polen
Største breidde 2750 m
Overflateareal 21,7 km²
Middeldjupne 15,4 m
Største djupne 73 m
Øyar 19

Wigry er ein innsjø nordaust i Polen i Podlasie-voivodskapet.

Wigry ligg i skogane i Augustów-villmarka og det veks tre langs om lag 80 % av breidda av innsjøen. Det er 19 mindre og større øyar i innsjøen og opp til 26 fiskeartar held til her, mellom anna gjedde, aure og åbor. Innsjøen og området rundt er ein del av Wigry nasjonalpark. Telting og grilling er berre lov ved visse stader.

Det er populært med kanopadling i innsjøen og Wigry, i tillegg til elva Czarna Hańcza, er ein del av den kjende kanoløypa til Johannes Paul II.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wigry
Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.