Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 48, 2011

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1:

Verdenstreet Yggdrasil er sentralt i norrøn mytologi.

Mytologi viser til ei mengd folkeminne, mytar, segner og legender som ein viss kultur meiner er sanne, og som ofte har overnaturlege trekk som tolkar naturlege hendingar for å forklare universet og menneskeslekta. Mytologi viser også til ei grein av kunnskapen som omhandlar innsamlinga, forskinga og tolkinga av mytar, også kjend som mytografi. Studiet av mytar frå fleirfaldige kulturar er kalla samanliknande mytologi, og er mellom anna ein del av vitskapen om religionshistorie, folkeminne og antropologi.


- Hogne 1. oktober 2011 kl. 15:19 (CEST)[svar]