Willemstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willemstad
Willemstad
Willemstad
Willemstad
Styresmakter
Land
Konstituerande land
 Nederland
 Curacao
Grunnlagd 1634
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2015)

140000
Koordinatar 12°7′″N 68°56′″WKoordinatar: 12°7′″N 68°56′″W
Høgd over havet 37 m
Plassering
Willemstad on Curaçao
Willemstad on Curaçao
Willemstad on Curaçao

Willemstad er hovudstaden i Curaçao og den største byen i Dei små Antillane. Han var fram til 2010 hovudstaden i Dei nederlandske Antillane. Han har ein folkesetnad på om lag 140 000 (1. januar 2009). Byen består av to hovuddelar: Punda og Otrobanda. Dei er skilde av St. Anna-bukta, ei djup bukt med form som ein kanal, ca. 1,6 km lang og opp til 90 meter djup som knyter Det karibiske havet med dei naturlege lagunane, med hamneanlegg som blir kalla «Schottegat». Det nederlandske selskapet Royal Dutch Shell etablerte eit oljeraffineri i hamna allereie i 1914.

Punda, på austsida av kanalen, vart busett frå 1634, då nederlendarane overtok øya frå Spania. Truleg tyder Punda noko sånt som «punktet». Otrobanda, som vart busett frå 1707, er den nyare delen av byen og er rekna som ein fattigare del av byen, men i dei seinare åra som det kulturelle sentrumet i byen. Sjølve namnet kjem frå papiamento otro banda, som tyder «den andre sida».

Punda og Otrobanda er forbunde med ei svingbru på pontongar, Koningin Emmabrug som vart bygd tre i 1888. Etter at biltrafikk over brua vart forbode på 1970-talet går no det meste av trafikken mellom dei to bydelane over Konigin Julianabrug. Ca. 15 000 fotgjengarar nyttar enno den gamle brua dagleg.

Willemstad har eit bysentrum med ei rekkje koloniale arkitektoniske meisterverk, sterkt influert av ulike nederlandske stilarter. Dette har medført at den historiske delen av byen er erklært minneverdig av UNESCO.

Den særeigne arkitekturen og plasseringa langs St. Anna-bukta har ført til at Willemstad er vorte omtalt som «Amsterdam på Den vestlege halvkula».

På grunn av plasseringa er Willemstad ei utmerka hamn. Willemstad vart setet for eit større raffineri til Royal Dutch/Shell frå 1914.

Byen er òg eit viktig turistmål.

Willemstad vert betent av Hato internasjonale lufthamn, som òg er heimebasen til Insel Air, flyselskapet til Curaçao.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]