Thomas Tallis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Tallis
Thomas Tallis.jpg
Fødd ca. 1505, England
Død 23. november 1585, Greenwich i London
Instrument Orgel
Sjanger Renessansemusikk
Aktive år 1554-1575
Yrke Komponist og organist

Thomas Tallis (fødd ca. 1505 truleg i Kent, alternativt Leicestershire, død 23. november 1585 Greenwich) var ein engelsk renessansekomponist frå tida rundt den engelske reformasjonen.

Tallis skreiv hovudsakleg vokalmusikk og er mest kjend for kormusikken sin. Han blir ofte kalla Father of English Cathedral Music («den engelske kyrkjemusikken sin far»).

Liv[endre | endre wikiteksten]

Det eksakte året for Tallis sin fødsel er ikkje kjend, men i eit skriv frå 1577 karakteriserte han seg som verie aged («svært gamal»), noko som tyder at han då var over 70 år.[1]

Lite er kjend om Tallis sine unge år, men han kan ha hatt ein post ved Dover Priory i 1532. Fem år seinare sang han i koret ved St. Mary-at-Hill i London.[1]

Det finst òg dokumentasjon på at han virka som organist ved benediktinerklosteret Waltham i Essex i åra 1538 til 1540, dvs. til kong Henrik 8 oppløyste klosteret.[1] Ved St. Mary-at-Hill hadde Tallis fått kontakt med det kongelege hoffet, og etter to eller tre år som lay-clerk ved katedralen i Canterbury, blei han utnemnd til Gentleman of the Chapel Royal («Gentleman ved det kongelege kapell»), ein post, eller betre ei utmerking, han hadde resten av livet. I desse førti åra virka han som songar, komponist, dirigent og organist for monarkane Henrik VIII, Edvard VI, Mary I og Elizabeth I. Han var særs omtykt ved hoffet: i 1557 gav dronning Mary han 21 års leigerett på Manor of Minster i Isle of Thanet, noko som sikra Tallis eit godt utkomme.[2] Dei første åra av dronning Elizabet si styringstid fekk han £40 frå Royal Household og i 1575 fekk han og eleven William Byrd einerett til å trykke musikk i England for 21 år.[1]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Instrumentalmusikken til Tallis blir lite påakta, men det finst atten små stykke for klaviaturinstrument i Mulliner Book og nokre få i Fitzwilliam Virginal Book.[1]

Tallis sitt ry kviler på det faktum at han var ein særs allsidig komponist av a cappella vokalmusikk. Før reformasjonen skreiv han latinske messer og mottettar for den katolske liturgien, men etter måtte han tilpasse seg den anglikanske gudstenesta. Han heldt likevel fram med å skrive motettar med latinsk tekst. Grunnen var at etter nyordningane til dronning Elizabeth blei det mindre plass til kunstnarleg utfalding i kyrkjesamanheng, så for å kunne å skrive teknisk og kunstnarleg lødig musikk heldt han fast på den katolske mottettetradisjonen. Nye latinske messer var det derimot inga bruk for meir og kollegaen John Taverner slutta å komponere musikk på grunn av dette.

Som hos samtidige komponistar var imitasjon ein sentral kontrapunktisk teknikk hos Tallis. Døme er den tidlege messa Salve intemerata, Lamentations of Jeremiah og ein motett for fastetida; In iejunio.

Tallis var aktiv under ei konfliktfyld tid prega av store vanskar i tilhøvet mellom katolikkar og protestantar, og mykje av musikken hans avspeglar kaoset.[3]

Spem in alium[endre | endre wikiteksten]

Namnet til Tallis er nært knytt til motetten Spem in alium, eit av dei få storskalige vokale monumentalverka i musikkhistoria. Teksten er henta frå den apokryfe Judits bok. Med heile førti sjølvstendig noterte vokalstemmer er dette eit komplekst verk som er heilt eineståande i denne forma. I alt åtte kor, kvar med fem stemmer, blei i tråd med samtidas praksis plasserte på ulike stader i kirkeromet. Musikkvitarar reknar med at Tallis skreiv motetten til dronning Elizabeth sin førtiårsdag i 1573. Den førti-stemmige motetten Ecce beatam lucem av Alessandro Striggio den eldre kan ha vore eit forbilde.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

William Byrd skreiv elegien Ye Sacred Muses då Tallis døydde. Ralph Vaughan Williams skildrar på ein levande måte Thomas Tallis i Fantasia on a Theme by Thomas Tallis.

I den amerikanske episkopale kyrkja sin sin liturgiske kalender, Calendar of saints, er 21. november festdag til Tallis (og William Byrd og John Merbecke) sin ære.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Suzanne Cole. Thomas Tallis and his Music in Victorian England. Woodbridge, UK: Boydell, 2008.
  • Gatens. Tallis: Works, all. American Record Guide 68.3 (mai-juni 2005): 181.
  • Gerald Gifford. «Thomas Tallis», s 340-342 i The Dictionary of Composers, red. Charles Osborne. London 1986: PAPERMAC, ISBN 0 333 325370.
  • Suzanne Lord, David Brinkman. Music From the Age of Shakespeare: A Cultural History. Westport, Conn Greenwood Publishing Group, 2003.
  • Michael Steinberg. Choral Masterworks: A Listener’s Guide. New York Oxford Press, 2005.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Gerald Gifford, «Thomas Tallis», s 340-342 i The Dictionary of Composers, red. Charles Osborne. London 1986: PAPERMAC, ISBN 0 333 325370.
  2. Cole, Suzanne. Thomas Tallis and his Music in Victorian England, side 93. Woodbridge, UK: Boydell, 2008.
  3. Gatens, Tallis: Works, all. American Record Guide 68.3 (mai-juni 2005): 181.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]