William Gilbert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Gilbert, fra forsida av De Magnete

William Gilbert eller William Gylberde (24. mai 154410. desember 1603) var ein engelsk lege og fysikar.

Han vart fødd i ein relativt velståande familie i Colchester, og fekk utdanning ved St. John's College i Cambridge. Etter avslutta medisinstudiar opna han praksis i London. Han vart medlem og seinare (frå 1600) president i Royal College of Physicians – det organet som regulerte medisinpraksis i London og omland. Han var lege for både Elisabeth I og Jakob I. Gilbert levde heile livet ugift. Han døydde av byllepest.

I 1600 publiserte Gilbert verket De Magnete, Magneticisque Corporibus, et de Magno Magnete Tellure (Om magneten og magnetiske lekamar, og om den store magneten Jorda), som raskt vart eit standardverk over heile Europa om elektriske og magnetiske krefter. I dette verket skildrar han eksperimenta sine med ein kuleforma magnet, som han gav namnet terrella.

Trass i at europearar i lang tid hadde gjort lange sjøreiser over ope hav, var kunnskapane om magnetisme dårlege, og funnet til Gilbert fekk stor praktisk tyding. Gilbert utførde eksperiment over ei rekkje tradisjonelle førestellingar om magnetisme, og viste at det meste ikkje røysta med røyndomen. Ei utbreidd oppfatning innanfor vitskapen var at det var Polarstjerna som fekk krystall av magnetjernstein til å orientere seg når dei vart lagt på ein vassflate. Gilbert var ein av dei første som utførde verkelege naturvitskaplege eksperiment – til skilnad frå tidlegare tider sine naturfilosofar – og bana på den måten veg for moderne naturvitskap.

Gilbert kom til at at det var jorda sjølv som var opphav til magnetismen. Han samanlikna polariteten til magneten med polariteten til jorda, og bygde opp ein omfattande magnetismefilosofi over denne analogien: Magnetismen var sjela til jorda, og som han roterer om sin eigen akse, ville kvar og ein kuleforma magnet gjere det når han vart orientert langs jordaksen.

De Magnete kom på same tid som Nikolaus Kopernicus sitt arbeid med ein revisjon av kosmologien, og både Kopernikus, Galileo Galilei og Johannes Kepler drog nytte av Gilberts eksperiment.

Gilbert var den første som trekte eit klårt skilje mellom magnetisme og raveffekten, det vil seie statisk elektrisitet. Den siste krafta gav han namnet elektrisitet, etter det greske ordet for rav – elektron.

Fleire av Gilbert sine upubliserte og ufullendte verk vart utgjeve i 1651 av den yngre halvbroren hans under tittelen De Mundo Nostro Sublunari Philosophia Nova (Ny filosofi om jorda vår under månen). Dette var likevel eit verk som fekk liten innverknad.

Eininga for magnetisk potensialdifferens, gilbert (Gb), er oppkalla etter William Gilbert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]