Colchester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Colchester

Sentrum
Sentrum
Plassering
Colchester is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Essex
Distrikt Colchester
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

111 778
Koordinatar 51°54′″N 0°54′″EKoordinatar: 51°54′″N 0°54′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer CO1 - CO7
Telefon-retningsnummer 01206
Nettstad: www.colchester.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Colchester

Colchester er ein by i Essex i England. Han er den eldste dokumenterte byen i Storbritannia, med ei historie som går tilbake til romersk tid. Han er administrasjonssenter i distriktet Colchester. Byen har kring 110 000 innbyggjarar.

Byen ligg omkring 86 km aust for London, med direkte samband til hovudstaden med jernbane (ca. 47 minutt med tog) og motorvegane A12/M25. Universitetet i Essex ligg nær Colchester, ved landsbyen Wivenhoe.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den eldste kjende busetjinga på staden var ein keltisk landsby frå omkring 3000 år tilbake. På tida for den romerske erobringa av Britannia heitte han Camulodunon, «Camulos' festning». Dette vart latinisert til Camulodunum.

Romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Ein romersk militærforlegning vart etablert kort etter invasjonen, som den første permanente romerske skansen i Britannia. Då den romerske grensa vart flytta nordover i ca 49 vart Colchester ein colonia under namnet Colonia Claudia Cictircensis. Han fungerte som den første romerske administrasjonsbyen i provinsen, inntil administrasjonen vart flytta til London.

Eit stort tempel vigd keisar Claudius vart bygd i 44. Dette vart øydelagt i 61 under opprøret til Boadicea. Det vart starta omfattande produksjon av tegl i området, og fleire vingardar vart anlagt. Fleire romerske mosaikkar er funne i og rundt byen. Mykje av dei romerske bymurane står framleis, og byen har den største bevarte romerske byporten i Storbritannia. I muren kan ein òg sjå korleis det i mellomalderen vart gjort tilpassingar til behovet til den nye tida, slik at murane har vorte ståande som ein illustrasjon på den lange historia til byen.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste landemerket frå mellomalderen er Colchester slott, som vart bygd av normannarane på 1000-talet over eit romersk tempel. Det ligg heilt i sentrum, berre eit minutt gange frå hovudgata, og er omgjeve av ein park.

Eit benediktinarkloster vigd Johannes Døyparen, gjerne kjent som Colchester Abbey, stod i byen inntil oppløysinga av klostra under reformasjonen. I 1539 vart den siste abbeden avretta, og klostret vart rive. Alt som er verna er porten og ei lita kyrkje med tretårn som var bygd for lekarbeidarane i klostret. Det finst òg åtte andre mellomalderkyrkjer (normanniske) innanfor murane.

Det er òg ruinar av eit anna kloster, St. Botolfs priori, oppretta på same tid som Colchester Abbey. Omkring år 1200 gjekk det over til Augustins regel, og vart moderkloster for alle augustinarkloster i Storbritannia. Kyrkja som no står på staden er frå viktoriansk tid.

Byen fekk det første kongelege chartret sitt i 1189 av Richard Løvehjarte. Dette vart utskrive i Dover medan kongen var på veg ut av landet. Seinare har fleire andre chartere vorte utskrive, blant anna eit frå Henrik V frå 1413 som er utstilt i slottsmuseet.

Borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den engelske borgarkrigen i 1648 var Colchester stort sett på parlamentarianarane si side. Ein stor styrke frå rojalisthæren, under Sir Charles Lucas og Sir George Lyle, marsjerte inn i byen, forfølgt av ein parlamentarianarhær leia av Sir Thomas Fairfax. Byen vart kringsett i elleve månader, og innbyggjarane måtte til slutt ete vokslys og støvlar for å overleve. Då rojalistane overgav seg sommaren 1649 vart Lucas og Lisle skotne på slottet. Eit monument er reist på staden, og legenda seier at det aldri vil vekse gras der; praktisk nok er staden no lagt under asfalt.

Colchesterjordskjelvet[endre | endre wikiteksten]

Omkring kl 9.20 på morgonen 22. april 1884 vart Colchester råka av eit jordskjelv. Byen låg i episenteret for det mest øydeleggjande skjelvet i Storbritannia, som er rekna til å ha lege på 5,2 på richterskalaen. Meir enn 1200 bygningar vart øydelagde eller skadde i Colchester og omegn.

Kjende personar frå Colchester[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]