Statisk elektrisitet
Statisk elektrisitet er elektrisitet i ro og syner til oppbygging av elektrisk lading på overflata av ein lekam. Den statiske ladinga vert verande på lekamen til han anten vert avleidd jord eller raskt vert nøytralisert av ei utlading. Statisk elektristet kan skape kontrast til straum (eller dynamisk) elektrisitet, som kan leverast gjennom leidningar som straumkjelde.[1] Sjølv om ladingsutvekslinga kan skje når to flater kjem i kontrakt og vert fråskild, vert ei statisk lading berre verande når minst ei av flatene har høg motstand mot elektrisk straum (ein elektrisk isolator). Effekten av statisk elektrisitet er kjend for folk flest fordi vi kan kjenne, høyre og til med sjå gnistar når overskotsladinga vert nøytralisert i nærleiken av ein stor elektrisk leiar (til dømes ein veg til jorda), eller eit område med overskotslading med motsett polaritet (positiv eller negativ).
Det kjende fenomenet med statisk «støyt» oppstår når ladinga vert nøytralisert. Gnisten som oppstår kan medføre at brannfarlege væsker eller gassar vert tende.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Static electricity» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dhogal (1986). Basic Electrical Engineering, Volume 1. Tata McGraw-Hill. s. 41. ISBN 9780074515860.