Byllepest
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit par med byllepest frå Toggenburgbibelen.
Byllepest er den vanlegaste forma for pest og har stått bak fleire epidemiar og pandemiar gjennom historia. Svartedauden på 1300-talet kan ha vore ein byllepestpandemi.
Infeksjonssjukdommen er forårsaka av bakterien Yersinia pestis og er kjenneteikna av opphovna lymfeknutar som hovna opp til store, væskefylte byller. Desse kan det gå koldbrann i slik at dei får ein blåsvart farge. Same bakterien kan òg føra til lungepest eller blodforgifting.
Byllepest vert spreidd til menneske med gnagarar og rottelopper. Byllepest hadde, slik han arta eg i seinmellomalderen, ein letalitet på 50-60 %. [1]
Kjelder [endre]
- ↑ Kåre Lunden i Det Norske Samlaget (2002): Norges landbrukshistorie ISBN 82-521-5584-7 (band II)