William Nygaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

William Martin Nygaard (6. februar 186519. desember 1952) var ein norsk forleggjar og politikar.

Nygaard var fødd i Kristiansand som bror til Kristen Brunfeldt Nygaard og Finn Nygaard, gift med Constance Wiel, far til sju born, mellom andre Mads Wiel Nygaard og Andreas Melchior Wiel Nygaard, farfar til William Nygaard d.y.. I 1894 kjøpte han Drammensveien 99 og flytta inn med familien sin. Det er i hagen utanfor Drammensveien 99 dei velkjende hagefestane til Aschehoug no finn stad kvar seinsommar.

Forleggjaren[endre | endre wikiteksten]

Han vart tilsett i H. Aschehoug & Co.s bokhandel i Kristiania (Oslo) i 1887. I lag med Thorstein Lambrechts kjøpte han i 1888 både bokhandelen og forlaget, og i 1900 vart han eineeigar av forlaget og det skifta namn til H. Aschehoug & co (W.Nygaard). Han var direktør for forlaget til 1940 då sonen Mads Wiel Nygaard tok over og han sjølv fortsette som formann i styret for forlaget.

I 1895 tok William Nygaard initiativet til skipinga av Den norske Forleggerforening der han også vart formann.

Politikaren[endre | endre wikiteksten]

William Nygaard var medlem i Oslo bystyre frå 1908-19 og i 1910 var han med og skipa partiet Frisinnede Venstre. Han var stortingsrepresentant for Frisinnede Venstre frå 1922-24.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Erik Rudeng: William Nygaard : 1865-1952 (Aschehoug, Oslo, 1997) ISBN 82-03-26111-6