Magnus Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magnus Halvorsen.
Foto: Hulda Szacinski/Stortingsarkivet

Johan Magnus Halvorsen (10. juni 185314. februar 1922) var ein forretningsmann, stortingsrepresentant og statsråd frå Ålesund.

Halvorsen var son av ein kjøpmann i Ålesund, som døydde då Magnus var ni år gammal. Sjølv tok han eksamen ved ein høgare allmennskule i heimbyen, før han i fjortenårs-alderen vart tilsett i hos ein landhandlar på Sunnmøre. I 1874 vart han styrar Selje forbruksforeining (samvirkelag) i Nordfjord. Allereie året etter byrja han som reisande på strekninga Møre-Finnmark for fleire fabrikkar og firma i Bergen. I 1881 etablerte han seg som kjøpmann i Trondheim, med vekt på handel med sild og annan fisk. Han leia firmaet fram til 1909. Sidan var han styrar av Noregs Bank i Trondheim, og elles aktiv næringsaktør i Trondheim.

1895-1904 var Halvorsen medlem av formannskapet i Trondheim. Også 1910-22?

Han sat på Stortinget i fire periodar:

  • 1898–1900 for Venstre som 2. representant frå Trondheim og Levanger, medlem av Lagtinget og næringskomite nr 1.
  • 1904–06 for Samlingspartiet som 4. representant frå Trondheim og Levanger.
  • 1907–09 for Venstre som 1. representant frå Baklandet krins i Trondheim. Åra 1904-09 var han medlem av næringskomite nr 1 og valkomiteen. I 1907 medlem av den forsterka janrbanekomiteen.
  • 1910–12 for Frisinna Venstre som 1. representant fra Baklandet. Formann i næringskomite nr 1 i 1910, og i valkomiteen i 1912.

Halvorsen var finansminister 23. oktober 1907 – 18. mars 1908.

Han var ei tid formann i Frisinna Venstre.

Under storlockouten i 1911 verka Halvorsen, saman med Alfred Eriksen, som meklar. For denne innsatsen vart dei begge tildelt Borgardådsmedaljen i gull. Han var tidlegare tildelt 7. juni-medaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]