Wissembourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wissembourg
Wissembourg Rue Nationale.JPG
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Bas-Rhin
Geografi
Flatevidd
 - By

48,18 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

8 170
  160/km²
Koordinatar 49°02′″N 07°57′″EKoordinatar: 49°02′″N 07°57′″E
Høgd over havet 160 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 67160

Wissembourg (tysk Weißenburg) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Alsace, og har om lag 8 000 innbyggjarar. Han ligg ved den litle elva Lauter nær grensa til Frankrike og Tyskland, om lag så langt aust i Frankrike ein kjem. Namnet Wissembourg er ei fransk utgåve av Weißenburg (Weissenburg) på tysk, som tyder «kvit ås/kvit by» eller «kvit stad».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Benediktinarane rundt byen grunnla han på 600-talet, kanskje med Dagobert I som beskyttar. Ved klosteret komponerte munken Otfried på 800-talet ein evangelieharmoni, dei første viktige versa på tysk nokon gong.

Det vart bygd festningsverk i byen på 1200-talet. I 1354 oppretta Karl IV ei gruppe på ti byar kalla Decapolis, som ikkje vart annektert av Frankrike under Louis XIV i 1678. 25. januar 1677 øydela ein brann mange hus og Hôtel de Ville i byen. Mange tidlege bygningar overlevde derimot. Maison de Stanislas var tilfluktstaden til Stanislas Leczinski, tidlegare konge i Polen, frå 1719 til 1725. 3. april 1725 bad Louis XV om handa til dottera hans.

Slaget ved Wissembourg fann stad 4. august 1870. Det vart det første slaget under den fransk-prøyssiske krigen. Det franske tapet i slaget gjorde at den prøyssiske hæren kunne flytte inn i Frankrike. Geisburgmonumentet står til minne om hendinga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wissembourg
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!