Wissenschaftlich-humanitäre Komitee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wissenschaftlich-humanitäre Komitee
Skipa i: 1897
Nedlagt: 1933
Leiarar: Magnus Hirschfeld (1897-1929)

Wissenschaftlich-humanitäre Komitee (WhK, «Den vitskapleg-humanitære komite») var den første organisasjonen i verda som jobba for avkriminalisering av homoseksuelle handlingar. Grunnlagt 15. mai 1897 i Berlin av Magnus Hirschfeld saman med forleggaren Max Spohr, juristen Eduard Oberg og forfattaren Max von Bülow. Hovudmålet til komiteen var å jobba for oppheving av § 175 i den tyske straffelova som råka seksuelle handlingar mellom menn. Komiteen blei nedlagt i 1933 då nazistane tok makta i Tyskland.

Det ideologiske grunnlaget for organisasjonen var Hirschfelds teoriar om eit tredje kjønn, det vil seia at homoseksuelle blei forstått som biologiske mellomformer («sexuelle Zwischenstufen») mellom kjønna. Med dette utgangspunktet argumenterte ein for at ein ikkje kunne straffa menneske for noko som var medfødd og ein integrert del av personlegdommen.

Kampen mot § 175[endre | endre wikiteksten]

Den første oppgåva til organisasjonen var ei underskriftskampanje mot § 175 som fekk brei støtte frå intellektuelle og forfattarar i 1898. Av underskrivarane var m.a. Albert Einstein, Hermann Hesse, Thomas Mann, Rainer Maria Rilke og Leo Tolstoj. Likevel fekk ein ikkje den naudsynte støtta i politiske krinsar, og heller ikkje seinare underskriftskampanjar førte til endring. Under naziregimet blei lova skjerpa og m.a. nytta for å senda homoseksuelle i konsentrasjonsleirar. Sex mellom menn blei først avkriminalisert i Vest-Tyskland i 1969.

Frå 1899 gav Hirschfeld og komiteen ut Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen.

Komiteen hadde sitt hovudkvarter i Berlin fram til oppløysinga i 1933, og hadde avdelingar i fleire tyske byar og i Austerrike og Nederland. Hirschfeld var leiar til 1929.

Nordmenn og WhK[endre | endre wikiteksten]

Bjørnstjerne Bjørnson gav uttrykk for støtte til saka i eit svarbrev på spørsmål om han ville vera med på petisjonen i 1898 (han ville likevel ikkje stå på lista sidan han ikkje var tyskar).[1] Den norske rettshistorikaren Ebbe Hertzberg som mista stillinga si ved det norske Universitetet i 1886 av di det gjekk rykte om at han var homoseksuell, publiserte i 1902 artikkelen Spuren von Konträrsexualität bei den alten Skandinaviern i årboka til WhK.[2]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Raimund Wolfert: Anmerkungen zum Briefwechsel Magnus Hirschfelds und Bjørnstjerne Bjørnsons im Jahre 1901, i: Capri. Zeitschrift für schwule Geschichte 20 (1995), s. 33–39.
  2. Raimund Wolfert: Ebbe Hertzberg om homofili hos vikingene, i: Løvetann nr. 4 (1999), s. 20–22.