Leo Tolstoj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leo Tolstoj i 1908.
Foto: Prokudin-Gorskij

Lev eller Leo Tolstoj (9. september 182820. november 1910), eller eigentleg grev Lev Nikolajevitsj Tolstoj,[1] var ein russisk forfattar og aristokrat som utmerka seg for realistiske romanar og noveller. Dei mest kjende verka hans Krig og fred og Anna Karenina gjev ei brei og realistisk skildring av korleis det var å vere russar på 1800-talet.

Tolstoj hadde også andre talent, mellom anna skreiv han essay og drama, og han laga ei skulereform. Dette gjorde til at han fekk svært høg innflytnad i den aristokratiske Tolstoj-familien. Som moralfilosof var Tolstoj kjent for idéane om ikkje-valdeleg motstand, og desse påverka personar som Mahatma Gandhi[2] og Martin Luther King Jr. på 1900-talet.

Livsskildring[endre | endre wikiteksten]

Tolstoj vart fødd 9. september 1828 i Jasnaja Poljana i det sentrale Russland. Tolstojfamilien var ein gamal aristokratisk familie, og Tolstoj var høgst medviten klasseskiljet.

Oppvokster[endre | endre wikiteksten]

Leo Tolstoj fotografert som 20-åring i 1848.

Tolstoj voks opp i Moskva og Jasnaja Poljana. Han hadde to brør og ei syster. Mor hans døydde då han var to, og far hans då han var ni. Han fekk opplæring hjå tanta, Madame Ergolskij. I 1844 byrja Tolstoj lesa juss og orientalske språk ved universitetet i Kazan. Han gjekk snøgt trøytt på studiane, og forlét dei midt i eit semester. I 1849 busette han seg i Jasnaja Poljana, og freista vera til hjelp for bøndene der. Han fann snart ut at han var til liten nytte. Allereie frå denne tida syner dagboka hans at han trong rasjonalisering og moralsk stønad for vala han tok i livet. Dette skulle syna seg som eit dominerande tema heile livet hans. Det er òg i denne dagboka at me finn dei fyrste freistnadene på psykoanalytiske skildringar, som vart eit hovudverkemiddel i alle verka hans.

Militær karriere og dei fyrste verka[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste verket Tolstoj maksla var ei omsetjing av A Sentimental Journey Through France and Italy, av Laurence Stern. Stern hadde stor påverknad på dei tidlege verka hans Tolstoj, jamvel om han seinare tok avstand frå han. I 1851 skreiv han si fyrste novelle, A History of Yesterday. Same året gav han opp livet i Moskva, der han hadde stor spelegjeld, og flytta attende til Kaukasus og verva seg i artilleriet i Tsjetsjenia som meinig, men av adeleg byrd. I 1852 fullførde han sin fyrste roman, Barndom, og sendte han til Nikolaj Nekrasov for å få han gjeve ut. Tolstoj var lite nøgd med dei endringane som vart gjorde før romanen vart utgjeven, men boka vart særs vel motteke, og sikra Tolstoj ein plass i russisk litteratur, og i populært selskap.

Medan han var i Sevastopol skreiv han ei rekkje slagsskildringar, Sevastopolfortellingene, som reknast som hans fyrste freistnad på å bruka dei teknikkane han seinare nytta i Krig og Fred. Skildringane vart gjevne ut månadleg i same tidsskrift som Barndom medan Sevastopol framleis var kringsett, og interessa i Tolstoj auka valdsamt. Snart etter fortet i Sevastopol fall tok Tolstoj permisjon og drog til St. Petersburg og Moskva. Året etter forlét han hæren.

Opp til ekteskapet[endre | endre wikiteksten]

Tolstoj var i tida frå 1865 til 1861 i St. Petersburg, Moskva, Jasnaja Poljana og utlandet. Han reiste ut av Russland i 1857 og igjen i 1860-1861, og vende attende skuffa over kor sjølvoppteken og materialistisk den europeiske mellomklassa var. Dette skreiv han om i novella Lucerne, og i Tre som dør.

Desse åra etter Krimkrigen var den einaste tida då Tolstoj menga seg med andre litterære. Han vart varmt motteken av litteraturkrinsar i St. Petersburg og Moskva, som såg på han som ein av dei fremste i faget, men Tolstoj kom ikkje godt overeins med dei. Tolstoj heldt på klasseskiljet mellom overklassa og mellomklassa, og fekk seg som aristokrat ikkje til å lika mellomklassa som dominerte desse krinsane. Han var òg imot vestleg påverknad, medan mange andre, som Ivan Turgenjev, var stertk for slik påverknad. Turgenjev vart på den tida rekna som den største russiske forfattaren. Turgenjev, som på mange sett var rake motsetnaden til Tolstoj, ovundra han og omtalte Tolstojs stutte roman 1862 Kosakkene «som den beste historia skriven på vårt språk.»

Tolstoj trudde lite på vestlege framsteg og kultur, og neisa ofte Turgenjev med kyniske utsegner. Den store usemja mellom Tolstoj og den litterære verda førde til slutt til ein stor krangel med Turgenjev i 1861. Han utfordra Turgenjev til duell, men bad i ettertid om orsaking. Episoden syner Tolstojs mangel på tolmod med andre og det han såg på som intellektuell uærlegdom. Dei einaste forfattarane han vart verande ven med var den konservative Afanasy Fet, og den demokratiske slavofile Nikolaj Strakhov, som både stod utanfor den dåverande hovudtanken i den litterære verda.

I 1859 skipa han til ein skule for born av bønder i Jasnaja, og etterkvart tolv andre. Han skreiv òg mange historier for bondeborn. Undervisingeksperimentet hans varte ikkje lenge, men var ein inspirasjonskjelde for andre skulepedagogar.

I 1862 gav Tolstoj ut eit pedagogisk tidsskrift, Jasnaja Poljana, der han hevda at dei intellektuelle ikkje skulle undervisa bøndene, men snarare læra av dei. Han byrja meina at han ikkje fortente den rikdomen han hadde ervt, og vart røynd for stor generøsitet. Han tok ofte heimlause med seg heim til landsstaden sin, og gav ofte store summar til tiggarar når han var i byen. I 1861 sa han ja til å verta utnemnd som dommar.

Tolstoj hadde på denne tida vend seg bort frå den tøyleslause livsstilen han hadde hatt tidlegare, og tenke no på å gifta seg. I 1856 fridde han for fyrste gong, og utan heppe, til Mlle Arsenjev. I 1860 vart han sterkt råka av at broren Nikolaj døydde. Jamvel om han hadde missa både foreldra og tantane sine som barn, rekna han broren sin død som hans fyrste møte med døden som ein uunngåeleg del av livet. Etter dette skreiv Tolstoj i dagboka si at han som trettifireåring ikkje kunne finna seg noka kone, sidan han no var for gamal og stygg. I 1862 fridde han til Sofia Andrejevna Behrs, og fekk ja til svar. Dei gifta seg 24. september same året.

Ekteskap og familie[endre | endre wikiteksten]

Sofia Tolstoj og dottera Aleksandra.

Ekteskapet var ei av dei to viktigaste hendingane i Tolstojs liv. Han lengta etter den «naturlege» livsstilen han fann mellom bøndene, og særleg mellom kosakkane som han levde mellom i Kaukasus. Ekteskapet gav han fri frå sjølvgranskinga. For han vart det vegen til ein meir stabil «naturleg» stode. Han byrja no tru på familieliv og det livet han vart fødd til.

Dei fyrste femten åra av ekteskapet var Tolstoj vel nøgd, og denne livsfilosofien er eit tema i boka Krig og fred. Kona Sofia var snautt meir enn ei jente då dei gifte seg, og var 16 år yngre enn han. Ho synte seg å vera ei dyktig husmor og ei god mor. På bryllaupsnatta gav Toltsoj henne dagbøkene sine, der han skildra sine seksuelle tilhøve til kvinnelege liveigne. Levin i Anna Karenina ter seg på same vis, og bed Kitty om å lesa dagbøkene hans, og dermed få kjenne feila hans. Tolstoj og Sofia Behrs fekk tolv born saman, fem av dei døydde tidleg.

Sofia hjelpte husbonden med det litterære arbeidet hans. Ho skreiv av Krig og fred, og hadde til slutt kopiert heile verket sju gonger. Familien hadde god råd, av di Tolstoj skøytte arven godt og tente på verka sine. Han kunne soleis forsyta den veksande familien.

Religiøs omvending[endre | endre wikiteksten]

Tolstoj hadde støtt vore rasjonalist, men då han skreiv sine største romanar byrja han tvila på rasjonalismen. Grunnfilosofien i Krig og Fred og Anna Karenina, som han formulerte i Ispoved (En bekjennelse) som «at ein lyt leva slik at ein har det best mogleg for seg sjølv og familien», synte at han hadde gjeve opp rasjonalismen og godteke det grunnleggjande irrasjonelle ved livet. Ein kvar tanke om at ein kunne ha kontroll over sitt eige liv vart gjeve opp. Hovudtanken i Krig og fred er at ein skal godta sin plass i livet og gjera det best moglege ut av det. Men allereie i siste del av Anna Karenina syner ein aukande uro. Då han skreiv boka var han oppe i krisen som skulle enda i eit nytt religiøst og etisk syn.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Kort etter at Skriftemål vart velkjend byrja Tolstoj å få læresveinar, fyrst mot sin eigen vilje. Den fyrste av desse var Vladimir Tsjertkov, ein tidlegare offiser og grunnleggjar av Tolstoianarane. Han skildrast av D. S. Mirskij som ein «trongsynt fanatikar og ein hard, despotisk mann, som hadde stor påverknad på Tolstoj og fekk ein sentral stilling mellom disiplane hans.» Tolstoj knytte og band til kristenkommunist- og -anarkistsekter, som Doukhoborane. Trass sine uortodokse syn og stønad for Thoreau si doktrine om sivil ulydnad, fekk ikkje Tolstoj problem med styresmaktene, som ikkje ynskte dårleg internasjonalt omdøme. I 1901 vart han likevel ekskommunikert frå den russisk-ortodokse kyrkja. Dette vart dårleg motteke både i og utanfor Russland, sjølv om han i røynda allereie hadde gått bort frå trusretninga i den ortodokse kyrkja.

Etter kvart som omdømet hans voks valdsamt i alle klasser, vart det danna tolstojanske samfunn i Russland som hadde som føremål å realisere Tolstojs religiøse doktrine. Dei siste to tiåra han levde hadde Toltsoj ein internasjonal status ingen forfattar hadde fått sidan Voltaire. Pilegrimar frå heile Russland flokka seg til Jasnaja Poljana for å sjå den gamle mannen. Med unnatak av yngstedottera Alexandra Tolstaya fylgde ikkje familien doktrinen hans. Særleg kona hans motsette seg dei nye ideane hans. Ho neitta å gje opp eigna si og heldt fast på plikta til å syta for den store familien. Tolstoj sa frå seg opphavsretten til sine seine verk, men måtte gje frå seg eigedoms- og opphavretten på tidlegare verk til kona. Dei siste åra av ekteskapet har vorte skildra av mellom anna A. N. Wilson som svært ulukkelege.

Tolstoj hadde god helse, men vart alvorleg sjuk i 1901 og levde ei lang tid i Gaspra og Simeiz på Krim. Han heldt fram med arbeidet og synte aldri teikn på minka kraft. Han vart stendig meir ukomfortabel med skilnaden mellom kommunismen han preika og det komfortable livet han levde med kona og borna, og meir og meir irritert på familien, og forlét til slutt familien og Jasnaja, i lag med dottera Aleksandra og lækjaren sin, med ukjend mål. Etter ei tid med mållaus vandring drog han mot eit konvent der systera hans var abbedisse, men laut måtte stansa på vegen, og døydde av kulde før han kom fram, anten 9. eller 20. november 1910. Hav vart gravlagd i ei enkel grav i ein skog 500 meter frå Jasnaja Poljana. Tusen på tusen bønder kom for å oververa gravferda hans.

Litterære verk og karriere[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til Krig og fred.

Dei litterære verka til Tolstoj skildrar samfunnet han levde i. Matthew Arnold kommenterte at Tolstojs verk ikkje er kunst, men eit stykke av livet. Isaak Babel sa at «om verda sjølv kunne skriva, ville ho skriva som Tolstoj.» Virginia Woolf hov at Tolstoj var «den største av alle romanforfattarar»

Dei fyrste større verka han gav ut var dei sjølvbiografiske romanane Barndom, Gutteår og Ungdom (1852-1856). Dei skildrar ein rik landeigarson og hans gradvise forståing av skilnaden mellom han og bøndene. Tolstoj tok seinare i livet fråstand frå desse bøkene som sentimentale, men dei skildrar mykje av det tidlege livet hans.

Tolstoj tente som andreløytnant i artilleriregimentet i Krimkrigen, som han skildra i krigsskildringane Sevastopolfortellingene. Kamprøynslene hans var med på å utvikla den pasifistiske filosofien hans, og gav han grunnlag for dei forferdelege krigsskildringane i dei seinare verka hans.

Kosakkene (1863) er ein ufullført roman som skildrar det kosakkiske folket og deira liv gjennom historia om Dmitri Olenin, ein russisk aristokrat som vert hugteken av ei kosakk-jente. Romanen vart skildra av Ivan Turgenjev som «den beste teksten skriven på russisk.»

Krig og fred (1869) vert rekna som ein av dei beste romanane nokon sinne skrive. Han inneheld 580 personar, somme historiske, somme oppdikta. Historia går frå familieliv til Napoleons hovudkvarter, hoffet hans Aleksander I av Russland og slagmarkene i Austerlitz og Borrodino. Romanen utforskar Tolstojs teori om historie, særleg kor liten skilnad det er mellom einskildindivid som Napoleon I eller Aleksander I.

Tolstoj såg aldri på Krig og fred som ein roman, men snarare som eit prosaepos. Anna Karenina (1877), som Tolstoj såg på som sin fyrste roman, skildrar historiene om ei utru kvinne som er fanga av samfunnets skikkar, og ein filosofisk landeigar (svært likt Tolstoj) som arbeider i lag med bøndene og freistar betra liva deira. Hans siste roman var Oppstandelse utgjeven i (1899), som fortel om ein adelsmann som freistar få tilgjeving for ei synd han gjorde mange år tidlegare, og inneheld mange av Tolstojs livssyn. Ein kort roman, Hadsji Murat vart gjeve ut i 1912.

Tolstoj skreiv òg nokre stuttare romanar, mellom anna 'Ein landeigars morgon' (1856), 'Familielukke' (1859]]), og 'Djevelen' (1889-1890).

Tolstoj hadde heile livet interesse for born og barnelitteratur, og skreiv historier og fablar. Somme av fablane hans er omdiktingar av Æsops fablar og hinduforteljingar.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Samtidas forfattarar hadde stor vørdnad for Tolstoj, og kytte mykje av han. Fjodor Dostojevskij såg på han som den største levande forfattaren, og etter å ha lese Krig og fred i omsetjing for fyrste gong skal Gustave Flaubert ha samanlikna han med Shakespeare. Ivan Turgenjev kalla Tolstoj ein «stor forfattar» og bad på dødsleiet sitt Tolstoj om ikkje å gjeva opp skrivinga. Anton Tsjekhov, som ofte vitja Tolstoj, skreiv «når det finst ein Tolstoj i litteraturen er det lett å vera forfattar. Jamvel om du veit at du sjølv ikkje har gjort noko stort, so er ikkje dette so ille når Tolstoj gjer nok stort for alle. Det han gjer er prov på at all vona og arbeidet som vert lagt i litteraturen er verd noko.».

Kritikarar og forfattarar i nyare tid held fram med å kyte av kunsten hans. Virginia Woolf kalla han «den største av alle romanforfattarar», og James Joyce skreiv at han «aldri er keisam, aldri uintelligent, aldri trøytt, aldri trøyttande, aldri teatralsk». Han fekk òg lovord av mellom andre Thomas Mann, Marcel Proust, William Faulkner og Vladimir Nabokov, som såg på han som den største av alle russiske romanforfattarar, og like viktig mellom russiske forfattarar som Aleksandr Pusjkin.

Religiøse og politiske syn[endre | endre wikiteksten]

Tolstoj i bondeklede. Måleri av Ilja Repin (1901).

Då Tolstoj var om lag 50 år gamal gjekk han gjennom ein spirituell krise, og vurderte å ta sitt eige liv. Han skriv om denne krisa i Ispoved' (En bekjennelse), og svara han kom fram til i 'Min religion', 'Guds rike er inni deg' og 'Samanfatting av evangelia'.

Sosialkristendom[endre | endre wikiteksten]

I sitt seinare liv forkynte Tolstoj utelukkande om den moralske lærdomen i evangelia. Kristensynet hans var grunna i hovudsak på bergpreika og formaninga om å venda det andre kinnet til, som han såg som ei formaning om pasifisme, ikkjevald og ikkje å gjera motstand. Han foddømde staten som godkjende vald og korrupsjon, og tok fråstand frå kyrkja, som godkjende staten. Hans fråstand frå kvar form for tvang har fått mange kritikarar til å klassifisera livssynet hans som kristenanarki.

Kristenanarki[endre | endre wikiteksten]

Tolstoj vert til vanleg rekna som ein anarkist. Sjølv kalla han seg ikkje anarkist, av di han knytte omgrepet til dei som ynskte å nytta vald til å endra samfunnet. Oppmodinga hans om ikkje å nytta vald i konfliktsituasjonar er òg teke frå hans syn på Jesu utsegner.

Tolstoj påverka Mahatma Gandhi og hans ikkjevaldelege rørsle gjennom boka Tsarstvo Bozjiye vnutri vas ('Guds rike er inni deg'), som Gandhi las. Han var motstandar av privat eigedom og ekteskapet som institusjon, og priste seksuell forsaking, ideal som også den unge Gandhi heldt seg til.

Tolstoj skreiv hundrevis av essay dei siste tjue åra han levde, kor han tek opp att anarkistisk kritikk av staten, og kyter av bøkene til Pjotr Kropotkin og Proudhon, medan han tok fråstand frå andre anarkistars si støtte til reformer gjennom valdsbruk.

Pasifisme[endre | endre wikiteksten]

Trass skepsis til anarkistisk vald, valde Tolstoj å ta ein risk då han hjelpte med å dela ut forbode anarkistiske skriv, og las korrektur på En opprørers ord av Peter Kropotkin, som vart gjeve ut ulovleg i St. Petersburg i 1906. To år tidlegare, under Den russisk-japanske krigen, gjekk Tolstoj offentleg ut mot krigen og skreiv til den japanske buddhistmunken Soyen Shaku i ein mislukka freistnad på å få skrive eit pasifistisk skriv frå både sider av krigen.

Som resultat av eit brev med tittelen «Letter to a Hindoo», som Tolstoj skreiv i 1908 til ei indisk avis, byrja ei hyppig brevveksling mellom Tolstoj og Mohandas Gandhi, som var i Sør-Afrika og hadde byrja sin aktivisme. Gandhis offentlege stønad for ikkjevaldeleg motstand var mykje takka vere 'Guds rike er inni deg', som Gandhi skriv i sjølvbiografien sin, der han kallar Tolstoj «vår tids fremste talsmann for ikkjevald».[3]

Brevvekslinga mellom dei varte berre eit år, frå oktober 1909 til Tolstoj døydde i 1910, men Gandhi kalla sim andre ashram i Sør-Afrika for «the Tolstoy Colony». Attåt trua på ikkjevald delte dei to syn på vegetarianisme, som Tolstoj skreiv fleire essay om.

Tolstoj gav òg stønad til esperantorørsla. Tolstoj vart imponert av doukoborane og deira ikkjevaldelege tru, og skreiv om understykkinga av dei etter at dei brann våpna sine i fredsam protest i 1895. Han hjelpte dei emigrera til Canada.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Barndom (1852)
  • Gutteår (1854)
  • Ungdom (1856)
  • Sevastopolfortellingene (1-3, 1855-56)
  • Kosakkene (1863)
  • Polikusjka (1863)
  • Krig og fred (1-4, 1867-69)
  • Anna Karenina (1873–77)
  • En bekjennelse (1879–82)
  • Historien om en hest (1885)
  • Ivan Iljitsj' død (1886)
  • Mørkets makt (1886)
  • Kreutzersonaten (1890)
  • Hva er kunsten? (1897–98)
  • Oppstandelse (1899)
  • Det levende liket (1900)
  • Hadji Murat (utgitt posthumt i 1910)
  • Guds rike finnes hos deg (først utgjeve på tysk i 1894)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrillisk skrift Лев Никола́евич Толсто́й Høyr Høyr
  2. Martin E. Hellman: «Resist Not Evil» i Arun Gandhi [red.]: World Without Violence (M.K. Gandhi Institute, 1994).
  3. "the greatest apostle of non-violence that the present age has produced".

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Forfatter:Leo TolstojWikikilden (frie originaltekstar)
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Leo Tolstoj
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leo Tolstoj