Gotarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det grøne området er den tradisjonelle utstrekningen av Götaland og det mørkerosa området er øya Gotland. Det raude området er utstrekkinga til Wielbark-kulturen tidleg på 200-talet og det oransje er Chernyakhov-kulturen tidleg på 300-talet. Det mørkeblå området er Romarriket.

Gotarane eller gotane er nemninga på eit av dei største og fremste germanske folkeslaga i folkevandringstida. Dei hadde to hovuddelar: ostrogotane eller austgotarane, og visigotane eller vestgotarane. Mange andre kjende og ukjende folk var knytte til gotane, som gjevdane eller gepidane.

Ifølgje sine eigne overleveringar utvandra gotarane frå Skandinavia (hovudsakelieg Gotland og Götaland), vandra sørover, og erobra delar av Romarriket. To nærståande stammar, gutar og götar, blei igjen i Skandinavia.

Gotarane spelte ein viktig rolle i romersk historie etter at dei først dukka opp ved Donaugrensa av Romarriket200-talet. Dei grunnla store statar på området til det vaklanda Vestromarriket, men blei nedkjempa av Austromarriket. Dei blei gradvis absorberte eller fortrengde i løpet av 500- og 600-talet.

Gotisk er det eldste nedskrivne germanske språket.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Historisk reknar ein med at gotarfolka kom frå landa kring Austersjøen, mest truleg øya Gotland eller kanskje landskapa Östergötland og Västergötland i Sverige. Frå søre Skandinavia drog dei opp etter elva Wisla i Polen, der dei er nemnde kring 150, og busette seg med tida på sletta nord om Svartehavet. Gepidane slog seg ned i Pannonia, Vestgotane i Dacia, og Austgotane i Skythia. Her oppretta dei tre kongedøme, og det austgotiske var langt på veg det største av dei.

Kring 238 herja gotarhærane etter strendene av nedre Donau. Samstundes verva fleire av dei seg i den romerske hæren og slost under keisar Gordianus III mot persarane. I 251 vann gotane ein avgjerande siger over romarane under kong Kniva, og keisar Decius fall. I åra etter gjorde dei ei lang rekkje strandhogg i dei greske og romerske områda på 200-talet, og brann mellom anna Efesos i 270. Det er rekna som sannsynleg at gotane endeleg skilde lag i ulike kongedøme noko før 300.

Austgotarkongedømet[endre | endre wikiteksten]

Austgotane vart óg kalla greutungar, og vart styrd av ei kongeætt som kalla seg amalar. Tidleg på 300-talet vart austgotane kristna av Wulfila, og kom på betre talefot med keisaren i Konstantinopel. Kongedømet vara ved til om lag 375, då Hunarane kom og kasta det over ende. Dette sette i gang Folkevandringstida i aust, men austgotarane vart verande under hunisk styre i mange år. Mange av dei gjekk inn i den huniske hæren, og dei fekk bu i Pannonia ei tid, til kong Attila døydde i 453. Etter dette samla dei seg og oppretta eit kongedøme i Italia, under kong Theoderik den store. Dette kongedømet vara ved til om lag 550, då den bysantinske keisaren knuste det.

Vestgotarkongedømet[endre | endre wikiteksten]

Ringen til gotarkongen Alarik II frå 500-talet.

Vestgotane, som kalla seg terwingar, i Dacia, vart drivne vestpå, og kom som dei under hardt press i åra fram mot 400. Dei fekk ei tid lov til å halde seg i Illyria, mot å virke som landevern for romarane. Den fremste av hovdingane deira på denne tida var Alarik, som rekna seg som etterfølgjar av Frithigern, som hadde vunne på romarane i Slaget ved Adrianopel i 378. Då Alarik oppdaga at rettane hans som landeverje vart dregne attende av keisar Honorius, valte han å gå mot Roma, og plundra Roma i 410. Han døydde i søre Italia, og folket hans fór vidare til dei kom til Spania og oppretta eit rike der, som vara ved til det vart velta av maurarane i 711. Etterkomarane av desse vestgotarane oppretta dei første kongedøma nord for dei mauriske områda, byrjinga på det moderne Spania.

Gepidane[endre | endre wikiteksten]

Gepidarkongedømet vart oppretta i Pannonia etter at hunarkongen Attila fall i 454, og vara til 552, då det vart velta av langobardarane, som drap den siste kongen der.

Krimgotane[endre | endre wikiteksten]

Etter dei fleste gotane fór av mot vest, vart somme att i aust og vart buande på Krimhalvøya. Det er uvisst om desse var av det gotiske hovudfolket eller av eitkvart germanske sambandsfolket. Desse gotane heldt språket sitt levande vissa til inn på 1500-talet, då dei vart oppdaga av ein nederlandsk kjøpmann, som skreiv ned noko av språket deira og laga ein grammatikk over det. Dette målet døydde venteleg ikkje ut før noko etter folkeflutnaden i 1783.

Arven etter gotane[endre | endre wikiteksten]

Døme på det vi no kallar gotisk arkitektur, frå slottet Haapsalu i Estland.

renessansen byrja i Italia på 1300-talet, vart mellomalderen rekna frå 410 og Alariks plundring av Roma. Renessansehumanistane ønskte i mangt ei oppreising for Italia, og skulda gotarane for heile mellomalderen og den følgjande nedgangstida. Då det var franske og tyske hærfolk i Italia på same tid, vart desse sett i spann med gotarane, og den franske mellomalderkulturen vart kalla «gotisk» av dei italienske humanistane. Slik oppstod nemninga «gotisk» kunst, med tanke på spissbogen i katedralane, slik det var vanleg i Frankrike på same tid.

romantikken kom, vart det ein auka interesse for mellomalderen i Europa, og nemninga «gotisk» følgde med. Mellomalder-romanar vart difor gjerne kalla «gotiske», og sidan dei hadde med seg ein dose skrekkromantikk, vart gotisk, eller Goth, snart ei nemning på eit særskilt slag litteratur og biletkunst. Frå dette kom det seinare ein heil subkultur for vestleg ungdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gotarar

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Andersson, Thorsten (1996): «Göter, goter, gutar» in Journal Namn och Bygd, Uppsala.
  • Mastrelli, Carlo Alberto i Volker Bierbauer et al: I Goti, Milan: Electa Lombardia, Elemond Editori Associati, 1994.
  • Graf E.C. Oxenstierna: Die Urheimat der Goten. Leipzig, Mannus-Buecherei 73, 1945 (later printed in 1948).
  • Bell-Fialkoff, A.: The Role of Migration in the History of the Eurasian Steppe, London: Macmillan, 2000.
  • Dabrowski, J. (1989): Nordische Kreis un Kulturen Polnischer Gebiete. Die Bronzezeit im Ostseegebiet. Ein Rapport der Kgl. Schwedischen Akademie der Literatur Geschichte und Alter unt Altertumsforschung über das Julita-Symposium 1986. Ed Ambrosiani, B. Kungl. Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien. Konferenser 22. Stockholm.
  • Findeisen, Joerg-Peter: Schweden - Von den Anfaengen bis zur Gegenwart, Regensburg: Verlag Friedrich Pustet, 1998.
  • Heather, Peter: The Goths (Blackwell, 1996)
  • Hermodsson, Lars: Goterna - ett krigafolk och dess bibel, Stockholm, Atlantis, 1993.
  • Kaliff, Anders: Gothic Connections. Contacts between eastern Scandinavia and the southern Baltic coast 1000 BC – 500 AD. 2001.
  • Nordgren, I.: The Well Spring of the Goths : About the Gothic peoples in the Nordic Countries and on the Continent (2004)
  • Nordgren, I.: Goterkällan - om goterna i Norden och på kontinenten, Skara: Vaestergoetlands museums skriftserie nr 30, 2000.
  • Rodin, L. - Lindblom, V. - Klang, K.: Gudaträd och västgötska skottkungar - Sveriges bysantiska arv, Göteborg: Tre böcker, 1994.
  • Schaetze der Ostgoten, Stuttgart: Theiss, 1995. Studia Gotica - Die eisenzeitlichen Verbindungen zwischen Schweden und Suedosteuropa - Vortraege beim Gotensymposion im Statens Historiska Museum, Stockholm 1970.
  • Tacitus: Germania, (with introduction and commentary by J.B. Rives), Oxford: Clarendon Press, 1999.
  • Wenskus, Reinhard: Stammesbildung und Verfassung. Das Werden der Frühmittelalterlichen Gentes (Köln 1961).